Statsforvaltaren ynskjer tomatproduksjon i Rogaland også i framtida.

Regjeringa sitt forslag til Staumpakke som blei avtalt 17. januar er nå til formell avklaring i form av forskrift, og det er gitt høve til å gi innspel til utforming av forskrift. Dette er ei hastesak, og det er difor høyringsfrist allereie 7. februar 2022.

Veksthusnæringa spesielt ramma

Jordbruksnæringa er ramma med auke i kostnader på fleire felt, noko vi har omtalt i eiga nettsak. Jordbruket i Rogaland, spesielt veksthusnæringa, er hardt ramma av høge straumprisar. Eller rettare sagt av høge energikostnader, og vi ser at næringa står føre store utfordringar. Straumpakken er eit viktig bidrag, men fleire tiltak må nok til for å hjelpe næringa gjennom dei utfordringar som vi ser.

Statsforvalteren er adressert høyringsinnstans, og vi har gitt vår uttale i brev av 03.02.22 som er vedlagt. Samstundes er det viktig at næringa sjølv gir innspel, og du finn høyringssaka her.