Denne solnedgangen varslar full sommar i helga

Det fine sommarvêret vil halda seg i helga og inn i byrjinga av neste veke.

Nydeleg solnedgang på Kyrkjøy i Sjernarøyane
  • Oddbjørg Måland
Publisert:

Det er all grunn til å gleda seg. I dei neste dagane er det fint sommarvêr som gjeld med temperaturar godt over 20 grader.

Eit lite skår i gleda er morgontåka som kan bli liggande utover føremiddagen enkelte stader, men det blir lange periodar med sol, det seier statsmeteorolog Rannveig Eikill ved værvarslinga i Bergen.

I morgon, fredag, dreier vinden over mot nordvest, men det blir framleis godt og varmt. På laurdag blir det meir av det same vêret, og kanskje endå finare mot kvelden.

Søndag kan det bli litt meir skya, men det blir sol innimellom og god temperatur.

Meir eller mindre slik blir vêret også dei fyrste dagane i neste veke før det snur på onsdag og det blir kjølegare og lett regn.