-Dette var eit fantastisk skue, og private fyrverkeri blei meir å likna som kakepynt til samanlikning,seier Tor Halsne.Han har nyleg flytta inn i nytt hus på Nesagjerdet like nordaust for sentrum i Judaberg saman med kone og tre barn.,

Saman med familien hadde han teke turen ned på bryggekanten til Bendik Hegglund og Birgit Spanne på Fjordsyn, like ved innløpet til Judaberg kai, for å koma tett på oppskytinga.

-Personleg likar eg nok best å sjå på fyrverkeri på denne måten, litt på avstand. Eg har også litt sans for eit opplegg med eit felles fyrverkeri, men er nok litt usikker på om kor mykje pengar frå oss skattebetalarar som skal brukast på dette.

Men Stavanger er nok glad for å ha fått tilgang til øyane våre , og akkurat no synest eg dette var ein flott måte å markera det på, slår den utflytta halsnøybuen fast. Men frå Nesagjerdet er vegen heller ikkje lang over til barndomsheimen på Halsnøy for 39- åringen.

I Faabakkane ovanfor Judaberg sentrum har tidlegare handelslagsstyrar på COOP  Finnøy, Kjell Augestad, ein unik utsikt utover havneområdet utanfor Judaberg og langt innover i Ryfylke og sørover mot Stavanger og Ullandhaug. Den tidlegare arbeidsgivaren hans nede på den gamle ferjekaienkaien,hadde i fleire dagar i forkant av nyttårsaften rigga seg til med ei stor salgsbod der salet av fyrverkeri gjekk unna i rekordfart .

-Personleg så ser eg nok at dette med ei felles kommunal oppskyting nok er framtida, innrømmer Augestad.

Usikker på om det er ei   kommunal oppgave.

Også i Vikevåg gjekk nyttårssrakettane til himmels som eit lite inferno for å markera starten på den nye kommunesamanslåinga mellom Rennesøy,Finnøy og Stavanger.

På same måten som på Judaberg , hadde mange av innbyggjarane i Rennesøy teke turen til Vikevåg for å sjå på oppskytinga av det imponerande fyrverkeriet ved midnatt.

-Eg er nok litt usikker på om dette er ei kommunal oppgåve, men når ein ser på kva omfang private fyrverkeri og rakettoppskytingar har fått, må nok dette vegast opp mot den helserisikoen og dei skader det elles påfører samfunnet, meiner Jostein Haugvaldstad på Mosterøy.