RENNESØY: Linn Beate Austbø måtte teste seg for smitte på valdagen og tok difor tatt kontakt med kommunen som raskt fekk ordna eit alternativ for at ho likevel kunne stemme - utan risiko. Løysinga blei gjennom vindauget i bilen, assistert av valfunksjonærane.

– Den viktigaste saka for meg er nærleik, at me har det me treng i nærleika, i distriktet. Til dømes lege og tannlege, seier Austbø.

Rekordmange førhandsstemte

I Vikevåg var det relativt roleg på valdagen. Valleiar Guttorm Gudmestad fortel at han trur det var kome meir førehandsstemmer enn nokon sinne, også i Vikevåg, og at det er difor det ikkje har vore så stort trykk som vanleg, på sjølve valdagen.

Gudmestad hadde nok rett. Det var nemleg over 43.000 i Stavanger kommune som hadde  førehandsstemt. Det utgjer over 44 prosent av dei med stemmerett i Stavanger.

,Gerd Marit Tjølsen hadde ein heil skokk med barnehagebarn i hælen då ho skulle stemme mandag.

Avlukket fekk ho heldigvis for seg sjølv.

– Dei viktigaste punktene for meg er innanfor helse og framtida, seier Tjølsen.

Erle Sirevåg Hummervoll (5) som går i Hestehoven avdeling på Vikevåg barnehage, kor Tjølsen jobbar, seier ho gler seg til når ho sjølv kan stemme i framtida.

Foto: Iris Elin Ullvang

– Arbeidsmiljøloven

Lars Bertelsen er fagforeningsleiar, og rettigheter i arbeidslivet er difor viktig for han.

– Eg stemmer for at me skal få ei regjering som passar på arbeidsmiljøloven vår, noko eg ikkje syns regjeringa som har vore til no, har gjort.

Forutan Rennesøy kan du også stemme i Mastrahallen på Mosterøy og i Finnøy fleirbrukshall fram til 21.00 i kveld.

Valresultata for kvar krins vil bli oppdatert ein gong etter at vallokala stenger i kveld.