Peter Schwartz er kommunikasjonssjef i Lyse.|Tabellen viser utviklinga i gassprisen.

KRAFT:

Medan gassprisen i juli fjor var i underkant av 20 øre, var den i juli i år 56 øre per kilowatttime. Straumprisane i sone 2, dvs området som også omfattar Rogaland, var i juli i fjor heile nede i 1,8 øre per kilowatt-time, ifølge Norpool.  I juli i år var prisen 74,53 øre.,

-Samanlikna med fjoråret, kor prisane var rekordlåge, blir prisen på straum nå opplevd som svært høg, seier Peter Schwartz, kommunikasjonssjef i Lyse til Øyposten.

Tørt og lite vind

I 2020 var snittprisen i andre kvartal på 5,5 øre per kWh.

-Dette hadde samanheng med eit fuktig år med mykje nedbør og fulle vannmagasin. I tillegg var det ein flaskehals i eksport av straum til nabolanda våre. Dette gjorde at straumen i 2020 var rekordbilleg, med prisar nær null i ein lengre periode. Men i år er situasjonen ein annan, seier Schwartz.

Tabellen viser utviklinga i gassprisen.

-Straumprisane er påverka av høgare prisar på kontinentet som ein følge av lite vind, høgare gass- og kolprisar pluass auka  pris på CO2 kvotar, ifølge Schwartz.

I tillegg er kraftmagasina nå såpass nedtappa, at kraftprodusentane må halda igjen for ikkje å tappa dei heilt ned.

Høge gassprisar framover

-Samanlikna med land sørover i Europa, har Norge likevel låge kraftprisar. Men viss det blir ein tørr haust og låg produksjon av vindkraft, vil prisane truleg måtta løftast til kontinentalt nivå for ikkje å eksportera for mykje. Blir det vått vil prisane bli meir normalisert, opplyser Peter Schwartz.

Når det gjeld gassprisane, så er årsaken noko av det same. Dessutan har det vore auka etterspørsel etter gass i Asia, og Lyse reknar med at gassprisane vil halda seg høge vinteren 2020.