Sissel Marie Bjerga.|Det har vore kraftig auke i pipebrannar dei siste åra.

STAVANGER:

Det er Sissel Marie Bjerga i Finnøy kommundelsutval som i ein mail til kommunedirektøren har etterlyst rutinar på feiinga i kommunedelane Finnøy og Rennesøy.,

- Då reknar eg med at dei andre ikkje-landfaste øyane står for tur, seier Bjerga.

I ein mailen til kommunedirektøren ber ho om svar på fylgjande: Kva tid vart siste feiing utført i dei to nye kommunedelane Finnøy og Rennesøy. Samtidig ber ho om at kommunen må prioritera feiing i desse delane av kommunen, samt å fastsetta intervall for feiing i privatbustadar i kommunen.

- «Det er ikke fastsatt feieintervall for verken privatboliger eller fritidsboliger da Rogaland Brann og Redning arbeider ut ifra risikobasert tilsyn og feiing», skriv kommunedirektøren i sitt svar til Bjerga.

Det betyr i praksis at dei prioriterer bustader som har høgare risiko for brann, eller feiing etter behov. Denne omlegginga blei gjort 2016.

«- Alle boliger i våre ni eierkommuner blir vurdert etter en risikomodell med ulike faktorer som spiller inn. Vi går tilsyn og feier ved behov, ut fra kriterier som type skorstein, ildsted, alder på bolig, alder på beboere og type byggverk. Risikomodellen gir en prioriteringsliste for hvor seksjonen skal gjennomføre boligtilsyn. Boliger med høyere brannrisiko vil til enhver tid bli prioritert, og dette fører til at noen boliger får tilsyn ofte og noen sjeldnere

».,Vidare står det at

«Feiing er blitt uført på Rennesøy og Finnøy med tilhørende øyer med vegforbindelse i perioden mars – april 2021. Rogaland brann og redning IKS gjennomførte også feiing for privat- og fritidsboliger på Ombo i uke 14"

- Kva tenker du om svaret ifrå kommunedirektøren?

- Det er bra at feiinga er i gang på øyane. Dette er det mange som har etterlyst dette etter som feiing er ein ein viktig del av det førebyggande arbeidet. Ingenting er betre enn at Sjernarøyane, Halsnøy, Fogn , Bokn og Byre kan venta oss besøk av feiaren i næraste framtid, seier Sissel Marie Bjerga.