Det er berre formaliteter som gjenstår før arbeidet med dagsturhytta kan byrja. (Illustrasjon: Stavanger kommune)

STAVANGER:

Det kom ikkje opp nokon alternativ  til Fogn då utvalet for miljø- og utbygging i Stavanger kommune behandla saka onsdag.,

Utvalet gjekk for at dagsturhytta bør liggja på Fogn, viss det er mulig å få til ein avtale med grunneigar om det. Dessutan skal det plasserast ei på Kuneset på Hundvåg.

Den nye dagsturhytta er først og fremst mynta på tilreisande som treng ein plass å rasta, og er ikkje berekna på overnatting.