Frp-banneret på Nådå har fått gjennomgå nok ein gong.

LEIAR: Det kan sjå ut til at Frp-banneret på Nådå nok ein gong er blitt utsett for hærverk. Viss det er tilfelle er det trist.,

Me skal vera forsiktige med å trekkja bastante konklusjonar, men mykje tyder på at banneret er blitt øydelagt av folk. Det går rett nok dyr i området, men det verkar usannsynleg at dei skal ha gitt seg i kast med Frp-reklamen.

Ved ein skjebnens ironi blei hendinga oppdaga akkurat den dagen det blei åpna for forhåndsstemming. Gitt at det er folk som står bak skadeverket, er det eit kraftig malappropos til demokratiet.

Det går an å vera uenige om bompengar er bra eller ikkje. Me høyrer ikkje til dei som «elskar bompengar», slik det er uttrykt frå MDG. Men utan bompengar, ville mange av vegprosjekta i distrikta neppe blitt bygde. Det er nå ein gong realitetane.

For Frp er fjerning av bompengar ei viktig prinsippsak, som finnsøysamfunnet fekk nyta godt av. Vedtaket i Stortinget betyr ei gåve på 130 millionar kroner til øyane, til stor glede for pendlarar, næringsliv og folk flest. Det er nå blitt så billig å reisa til sentrum i den nye kommunen, at me for første gang kan seia at Finnøy kommunedel er blitt ein integrert del av Stavanger kommune.

Utan Frp i Stortinget ville dette ikkje skjedd. At partiet lokalt difor gjerne vil ha litt kredit for dette, og i all uskuld hengjer opp eit banner med ein så forsiktig bodskap som «Gratulerer med bomfritt Finnøy», underskrive Frp, er noko alle må tola. Det skulle bare mangla.

Ikkje så langt unna, ved nedløpet til Finnfast, har bøndene plassert ei avlessarvogn, akkurat lik den på Nådå, kor det også er eit banner som er retta mot årets jordbruksoppgjer og for eit inntektsløft for landbruket.

Den har ingen røynt seg ut over. Difor må me oppfordra at det i demokratiets namn ikkje blir gjort forskjell på ytringar, men at det er ein rett alle har. Me er også enig med Tor Bernhard Harestad (frp) i at folk flest neppe støttar skadeverk på politiske ytringar av den type som har vore på Nådå.