Tor Øyvind Skeiseid (t.v.) stilte med spesiallaga tomatmikrofon, strikka av Sissel Marie Bjerga. Ryfylkekokken Frode Selvaag og fotograf Ivan Bråten er klar til premieren på Tomat TV, sist veke.

FINNØY: TV-teamet frå TV Vest er på plass. To fotografar, Ivan Båten og Odin Omland, skal sørga for god dekning den timen sendingane varer.,

-Me har mykje kjekt på gang, seier Tor Øyvind Skeiseid til Øyposten.

Den røynde reportaren skal vera programleiar under sendingane torsdag, fredag og laurdag.

-I dag skal me helsa "Rygerelektra" velkomen til kai. Der har det vore tomatkonferanse, og der kjem og Dag Otto (Lauritzen red.anm.). Han skal me senda ut på sykkel. Dessutan blir det grilling av Finnøyburgeren, og me får eit innslag med dugnadslitaren Ragna (Nordbø red. anm.). Me må heller ikkje gløyma konkurransen, kor det går an å vinna signert bok av Dag Otto og tre kilo tomater, seier Tor Øyvind Skeiseid.