Tekst. Jon Asgaut Flesjå Foto. Kjell Augestad

Den 9.februar 1932 gjekk nemleg det felles meieriet for alle mjølkebøndene på Finnøy, som var plassert på Kvame, opp i røyk. Meieriet vart starta opp den 1. mai 1907, etter mange år med heftige diskusjonar og strid om lokalisering. Denne striden blussa opp igjen då meieriet på Kvame gjekk opp i røyk, sjølv om reilstadbuen alt året før byrja med å senda mjølka si til byen fordi dei ikkje var nøgde med mjølkeprisen dei fekk frå meieriet på Kvame. I 1935 kjøpte så Reilstad Mjølkesalgslag, som dei kalla seg , Rogaland Meieri sitt mjølkeutsalg i Stavanger. Dette står det å lesa i historia om «Meieria på Finnøy» som er ført i pennen av Andreas Skartveit .Etter mange år med strid og eit utal av ekstraordinære generalforsamlingar med siktemål om igjen å få på plass eit felles meieri for heile øya, vart så både Ryfylke Meieri på Steinnesvåg og Finnøy Meieri på Judaberg bygd på slutten av 1930-talet. Historia som førte fram til bygginga av Ryfylke Meieri, slik bygget i hovudsak i dag framstår der det ligg midt i kommunesenteret, er det mang ein finnøybu og ryfylking også i dag som kjenner historia til. Men kva som kan ha skjult seg bak dei hemmelege dørene under bakkenivå som plutselege igjen har sett dagens lys utanfor «det gamle meieriet, nei det seier i alle høva den legendariske hundre år lange historia om meieria på Finnøy ikkje noko om. Kanskje var det ein mjølkebonde frå Reilstad eller Steinnesvåg krings som hadde brote ut frå dei sterke alliansane med sine sambygdingar, og av den grunn måtte ha sine hemmelege rom til å plassere mjølkespanne sine i? Det som eit resultat av den heftige meieristriden som rådde på øya heilt fram til byrjinga av 1950 talet. Ein bygdastrid som både dagens foreldre- og besteforeldregenerasjon kanskje også ser klare parallellar til i forhold til 1980- og 90-talets lokaliseringsdebattar om skular, butikkar, post, kaiar og forsamlingshus.