Daglig leiar i TV Vest, Øtjan Hennes (t.v.) er godt fornøyd med direktesendingane frå Tomatfestivalen. Her saman med fotograf Tommy Rørvik.

STAVANGER

: -Me ser på dette som ei langsiktig satsing i samarbeid med Tomatfestivalen, og i utgangspunktet vil me laga nye sendingar neste år, seier  dagleg leiar i TV Vest, Ørjan Barrie Hennes til Øyposten.,

-Korleis var sjåartala?

-Sjåartala våre blir målt to gonger i året, og ligg stabilt rundt 25.000. Me har ingen grunn til å tru at det var annleis under Tomatfestivalen, seier Hennes, som legg til at TV Vest er godt fornøyd med sendingane frå Finnøy, og ser for seg å laga fleire live-sendingar frå større arrangementer framover.

Tor Øyvind Skeiseid (t.v.) stilte med spesiallaga tomatmikrofon, strikka av Sissel Marie Bjerga. Ryfylkekokken Frode Selvaag og fotograf Ivan Bråten er klar til premieren på Tomat TV, sist veke. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

-Og responsen frå TV-tittarane?

-Me har fått tilbakemeldingar om at dette var kjekt å sjå på, og at det har gitt lyst til å dra til Finnøy.

-God Finnøy-reklame med andre ord?

-Ja, det vil eg tru, det vil sikkert finnøybuen også meina, seier Ørjan Hennes.

TV Vest sende direkte ein time frå Tomatfestivalen tre dagar, torsdag, fredag og laurdag, og programleiar var Tor Øyvind Skeiseid.