Kraftprøve mot værgudar og seige motbakkar på Rennesøy

Laurdag var det duka for tiratlon på Rennesøy. Det private arrangementet blei ein kraftprøve kor både vind, vær og seige motbakkar måtte overvinnast. Arrangementet samla inn neste 5000 kroner til hjelpearbeid i Bolivia.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel
Tom Egill kårer Magne Ledsaak til årets vinnar med ein spesiallaga kaffikopp som vil bli synleg på teamsmøter framover|Espen Sigmundstad tok seg heilt ut.|Ein fornøyd Magnus Heradstveit Bergøy inn til jubel i målområdet.|Eldstemann Øyvind Eie (58) gir tommel opp til kameramann Kenneth Salte.||Ingen vei tilbake!|Fornøyde deltakarar etter konkurransen.|Vinnaren blir hylla.

RENNESØY

: Saman med kona Alvilde inviterte Tom Egill Tobiassen til triatlon og nabolagssosialisering for andre år på rad. Det heile begynte med at Tom Egill Tobiassen ville fullføra eit olympisk triatlon, men helst i kjende omgivelsar, nemlig Østhusvik og Rennesøy. Heile løpet foregår i kjende trakter, og saman med naboer, venner og kjende.,

Ein fornøyd Magnus Heradstveit Bergøy inn til jubel i målområdet.

Konkurransen består i å symja1500 meter, sykla 40.000 meter og springa 10.000 meter.

-Årets løp baud på både hagl, vind og solskinn og varme, seier Tom Egill Tobiassen til Øyposten.

Utgangspunktet var Østhusvik, kor symjinga foregjekk. Her starta også sykkelløpet, som gjekk over heile øya via Vikevåg, Litladal og Sørbø, mens springinga gjekk opp dei knallharde bakkane frå Østhusvik til Hodnetoppen og ned igjen. Alt saman i eit race.

Espen Sigmundstad tok seg heilt ut.

-Det var ein veldig fornøyd gjeng som kom over målstreken, for eit så intenst løp merkast veldig godt i kroppen, seier Tom Egill Tobiassen.

Arrangementet blei avslutta med god nabolagsstemning med gatefest, grilling og kake, og barna i nabolaget delte stolt ut medaljane.

-Me satsar på at dette kan bli ein tradisjon, og å dobla talet på deltakarar neste år, seier han.

Arrangementet er gratis, men alle deltakarane får beskjed ved start at dersom dei fullfører så kan dei få lov til å gi ei pengegåve til barneheimen Arken i Cochabamba i Bolivia. Pengene blir formidla gjennom ungdomsklubben Stream på Rennesøy, og i år blei det samla inn 4800 kroner til gatebarn og foreldrelause barn som er under omsorga til Gonzalo Miranda og May Kristin Pettersen i Bolivia.

Eldstemann Øyvind Eie (58) gir tommel opp til kameramann Kenneth Salte.

Vinnaren blei Magne Ledsaak på imponerande 2:38:30. Han tok seieren også i fjor også, då han kom inn på tida 2:47:28. Elles blei løpet gjennomført med ei gjennomsnittstid på ca 3:30:00. Dei som deltok var Tom Egill Tobiassen, Tony Tobiassen, Kristian Stautland, Espen Sigmundstad, Magnus Heradstveit Bergøy, Trine Frøiland, Kjell Morten Eggebø, Simon Stavland, Magne Ledsaak, John Olav Nessa, Øyvind Eie og Kjartan Simonsen.

Ingen vei tilbake!