FINNØY:

-Me synest sjølv at me hadde søkt om relativt beskjedne summar, på henholdsvis 40.000 og 50.000 kroner til dei to største arrangementa våre denne sommaren, nemleg Fotballskulen på Leikvoll og den store sosiale- og idrettslege happeningen «Griegløpet» ,som skulle vore arrangert under Tomatfestivalen i august. Nå blir det heller ikkje noko av denne festivalen, som til vanleg genererer betydelege inntekter til idrettslaget, og er ein av våre største inntektskjelder.,

Noko som ikkje stemmer

-Kan begge desse to arrangementa nå stå i fare ettersom koronapandemien elles, også har skapt store utfordringar for idretten i form av sviktande inntekter?

-Ja, absolutt. Grieg-løpet er det einaste gateløpet for barn i Rogaland av denne typen etter det eg kjenner til , og har berre blir større og større for kvart år. Dette er ein stor sosial happening som samlar hundrevis av små og store, både løparar og publikum, i Judaberg sentrum.

Den årlege Fotballskulen vår samlar også over 100 deltakarar over ein lang sommardag, der mange også er involvert. Og når ein då ser på at fleire klubbar og lag i Stavanger får støtte, ja, når ein klubb som Brodd får den svimlande summen på heile 750 000 kroner, så må eg seia at her er det noko som ikkje stemmer, seier Heggelund og blir ennå meir alvorleg.

Han har likevel sine tankar om kvifor det kan ha skjedd, og kvifor det har blitt ei slik skeiv fordeling også internt i idretten og lokalfotballen.

Sauesanking og husflid

-Eg ser der er sterke reaksjoner også på sosiale medier på dette, poengterer Bendik utan at han vil gå meir inn i detaljane rundt dette.

-Nær sagt ”alle” bydelsklubbane har fått støtte til sine fotballskuler, sjølv om Brodd sitt opplegg vel burde dekka behovet for alle ungane i heile Stavanger, med god margin.

På Finnøy skal ungane ikkje driva med idrett, men heller med tomat, sauasanking og husflid, ser det ut som politikarane har tenkt, med denne tildelinga. Det tykkjer eg er litt stereotypt, for å seie det forsiktig.

Null komma nullnull

-Mange reagerte nok også, då det politiske fleirtalet i kommunen berre nokre dagar etter at koronasituasjonen inntraff gjekk ut og lova 30 millionar kroner til "Barnas sommar". Eit svimlande beløp etter mi meining, samtidig som skular og barnehagar opplever store budsjettkutt.

Etter ei stund såg også tydelegvis politikarane «galskapen i dette», og reduserte løyvinga til 10 millionar då søknadsrunden blei starta. Når det no er ytterlegare redusert, og det berre er løyvd 6,5 millionar, stiller eg også eit stort spørsmål ved dette.

Men eg stiller også eit stort prinsipielt spørsmål ved at kommersielle aktørar kan dra fleire hundre tusen kroner ut av denne ordninga, medan vi som ein friviljug organisasjon, som gjer dette på dugnad for barn og unge, skal bli avspist med 0,00 kroner, uttalar ein resignert og skuffa idrettslagsleiar.

Vil ha mangfald

– Eg vil understreka at eg er svært glad for det våre gode vener og samarbeidspartnarar i Ryfylke Livsgnist gjer for lokalsamfunnet, og at Camp Finnøy er akkurat slike tiltak "Barnas sommar" burde få fram. Men for oss i FIL kan det sjå ut som om vi har tapt litt på å ha andre flinke aktørar i kommunedelen som er blitt prioritert.

Politikarane var tydeleg på at Finnøy og Rennesøy var godt dekka i denne tildelinga, der ein ikkje ein gong benytta heile potten. Det burde vore plass til fleire aktørar, spesielt slik at Finnøy-borna også kunne få eit gratis idrettsleg tilbud. Det tykkjer vi i idrettslaget er litt trist, avsluttar Heggelund.

Eit idrettslag som også nyleg har teke i bruk eit praktbygg av eit klubbhus til ein kostnad på heile 10 millionar kroner. Og som berre har eit lite lån på vel halvannan million kroner å betjena når rekneskapen skal gjerast opp.