Det er trenar for Finnøy sitt seniorlag, Erik Torger Flesjå-Johansen, som seier dette i ein kommentar til at det enno ikkje er gitt klarsignal for oppstart av breiddefotballen. Ein fotballaktivitet under NFF-fana som omhandlar aldersgruppa frå 20 år og oppover, og som i tillegg organiserer kampavviklinga for kvinnefotballen frå 2.- 4. divisjon og herrefotballen frå 3. divisjon og ned til 7 div.,Flesjå-Johansen er likevel snar med å leggja til at dette er svært øydeleggjande for breiddefotballen generelt, og han har i svært liten grad forståing for den argumentasjonen som helsestyresmaktene legg til grunn for framleis å nekta ein slik oppstart.,-Dette er kompisgjengar som oppheld seg svært mykje i saman både på jobb og i fritida elles. Ja, fleire bur til og med i saman. Og her på øyane og Finnøy har me heller ikkje hatt utbrot av korona. Så er det også eit stort paradoks at eg kan trena både eit 12- årslag og 16-årslag der spelarane har full kontakt, for deretter å eksempelvis setja meg på sida av ein ukjent person på bussen. Men denne kompisgjengen som spelar fotball for å ha det sosialt og gøy, dei skal bli nekta å driva på med den store hobbyen sin??- Forstå det dei som kan, spør Flesjå-Johansen ettertenksamt.,

-Og korleis er det med treningsgrunnlaget, og den fysiske formen, etter berre nokre få såkalla "koronatreningar" før alle tok ferie?

-Vel, det blir det vel så som så med. Så eg reknar vel med at eg får tilbake ein gjeng spelarar som har lagt på seg 5-10 kilo, flirer Erik. Utan at han av den grunn vil vera kategorisk, og bekrefta at det blir den reelle situasjonen den dagen treningane og kampane startar opp igjen.

Men mest for å streka under dei konsekvensane dette kan få i eit større folkehelseperspektiv.,For det er jo nettopp her fotballen er så genuin, med sitt lågterskeltilbod der "alle skal med", understrekar Erik..

-Likevel trur eg at alle lengtar etter å få spela fotball igjen. Nettopp fordi det er gøy, og fordi dei saknar å vera saman med kompisgjengen på fotballbanen. Men så er der vel gjerne også mange, særleg oppover i 3. og 4. divisjon som er meir seriøs og hardsatsane, som også ser at dei kan ha ein OK kvardag utan fotballen og langt meir fri. Det er den store utfordringa for norsk breiddefotball, og for det som ein kallar sjølve grunnfjellet i Norsk fotball, åtvarar A-lagstrenar Flesjå-Johansen.

- Frustrerande og trist

-Dette er både frustreande og trist. Me hadde ei flott oppkjøring heilt til alt blei nedstengt. Deretter starta me opp igjen då me kunne under dei begrensingane som framleis gjeld, og har prøvd masse øvelsar utan kontakt. Då kom me inn i ein vond spiral, der me sleit med å få gode treningar utan kontakt, og fråværet blei større og større for kvar veke. Difor har me nå bestemt å ta ein pause fram til me kan ha treningar med full kontakt. Det er A-lagstrenar i Mastra, Bjarne Aske som seier dette til nettsida, NFF, Rogaland.

- Per i dag veit me ikkje kor mange spelarar me blir når me startar opp igjen. Eg er difor redd at me vil få ein tøff avslutning på sesongen, om me ikkje startar opp igjen før 1. september. Me vil få eit langt dårlegare treningsgrunnlag og eit tøft kampprogram. I tillegg er er eg redd me kan mista nokre spelarar også, fryktar Aske.

Mastra har meldt på to seniorlag i divisjonssystemet for inneverande sesong. Eit A- lag i same pulje som Finnøy i 5. divisjon, og eitt 7-ar lag i tillegg. Fyrste kamp er alt beramma til 13. august, heime mot Tjensvoll. Finnøy sin serieåpning er sett til den 16. august, heime  på Leikvoll mot Brodd 2.

Truleg må denne seriestarten utsetjast enno ein gong, og terminlista gjennom ein ny revidering når regjeringa kjem med den lova kunngjeringa om oppstart av vaksenfotballen og breiddefotballen den 10. august, slik dei har lova.