- Eg må sei eg reagerte litt då eg høyrde stasministeren på pressekonferansen tysdag. Det er liksom å gå ifrå null til 100 i eit jafs. Me veit ikkje nok om viruset ennå, og det er ikkje lett å halda avstand til barn, dei treng nærleik og omsorg, spesielt i ei slik tid som no. Det går ikkje an å jobba i barnehage utan å ha fysisk kontakt med borna, det let seg rett og slett ikkje gjera. På andre sida forstår eg og styresmaktene som ynskjer å opna barnehagane igjen, samfunnet blir meir sårbart når dei er stengde. Eg håpar at dei nye retningslinjene som er under utarbeiding, er tydelege og klare, og vil hjelpa oss gjennom ein overgangssituasjon i fyrste omgang, seier Alstveit Ringsby.,

Blant årsakene til at regjeringa bestemte å opna barnehagane fyrst, er at små born verkar å spreia smitte i mindre grad enn vaksne.

- Har du høyrt om foreldre som ikkje vil senda borna i barnehagen 20. april?

- Eg har høyrt rykte, ja, men eg har ikkje fått direkte beskjed. Det er forståeleg at dei er skeptiske. Eg trur likevel tida fram til opningsdatoen kan bearbeida tankane hjå mange, men det er sjølvsagt opp til foreldra å bestemma kva dei tykkjer er rett å gjera, seier Alstveit Ringsby.

Nils Petter Flesjå er verksemdsleiar for barnehagane i Finnøy, og seier til Øyposten at han ikkje har høyrt om foreldre som ikkje vil senda borna i barnehagen opningsdagen.

- No kom jo dette opp i går, og er såleis heilt nytt for oss alle. Kva som skjer i tida framover veit eg ikkje, men det er eit val foreldra må ta. Men det er klart det blir vanskelig og det er mange utfordringar for dei tilsette. Plutselig blir det andre omsyn som må tas og andre reglar som gjeld. Difor er det viktig å få plass gode løysingar for dei tilsette som regjeringa no utarbeidar med saman med fagfolk. Utfordringa er at ingen veit sikkert i denne situasjonen, seier Flesjå.

Kunnskaps- og integreringsminister, Guri Melby har antyda at å dela opp borna i mindre grupper, hyppegare hygienetiltak, reduksjon i talet på kor mange dei har kontakt med, og at ein tek i bruk ekstra areal for åha større avstand mellom ungane, er nokre av tiltaka i dei nye retningslinjene.