Synnøve Marie Sætre og ei nedsnøa Ivar Aasen-statue i Ørsta jublar for ny medlemsrekord i Mållaget.

NYNORSK:

–  Det er kjempestas at så mange vil vere med i Mållaget, jublar Synnøve Marie Sætre, leiar i Noregs Mållag.,

– At me har så god vekst, gjev oss ekstra giv i arbeidet for nynorsken. Det er viktig når me skal sikre nødvendige gjennomslag for nynorsken i opplæringslova det komande året, seier ho.

Allereie i august passerte Noregs Mållag fjorårets rekordtal med 14 104 betalande medlemer, og i oktober runda organisasjonen 15 000 medlemer.

Dei siste åra har det vore jamn medlemsvekst. I valkampen gjorde likevel medlemstalet eit kraftig byks.

– Me fekk om lag 1 500 nye medlemer etter at FpU gjekk ut med slagordet «F*** nynorsk» i skulevalkampen, fortel Synnøve Marie Sætre.

Ho gler seg over at Mållaget har medlemsvekst i heile landet, og at det er både unge og eldre som melder seg inn. Dette er det høgste medlemstalet som registrert i organisasjonen sidan Mållaget byrja med sentral medlemspengeinnkrevjing i 1986.

– Det høge medlemstalet er eit resultat av godt lagarbeid. Me har nær 200 lokale lag over heile landet, og det blir det godt vervearbeid av, smiler Synnøve Marie Sætre. Noregs Mållag har i dag over 5000 fleire medlemer enn for 10 år sidan.