FINNØY/RENNESØY: Ei utbetaling som utgjer 76 øre per liter, fører då til at kvar enkel produsent i gjennomsnitt får utbetalt heile 94 950 kroner.,Det er i all hovudsak dei ekstraordinære forholda knyta til den pågåande koronapandemien, som er grunnen til det svært gode resultatet.

-Både redusert grensehandel, og ein betydeleg auke i salet av mjølk, ost og andre meieriprodukt som ein konsekvens av dette , er hovudgrunnen, opplyser Tine.

Meierisamvirket reknar likevel ikkje med at denne situasjonen vil halde fram når samfunnet byrjar å koma tilbake til normalen, og er også uroleg over den kraftige auken i importen av ost på heile11 prosent i fjor.

,Produksjonen av den populære Jarlsbergosten er nå også fasa ut, og eit nytt anlegg er sett i drift i Irland.Men den produksjonen er då ikkje lenger basert på norskprodusert mjølk.,-

Kjærkomne pengar

Ein av dei mange produsentane på dei grøne øyane i Ryfylke som set ekstra stor pris på denne solide etterbetalinga, er finnøybonden Erik Haraldseid Bleie. Han har nyleg teke i bruk det nye mjølkefjøset på Berge, til ein kostnad på vel 5 millionar kroner.

-Det er nok av hol å putte pengane i ,så eg trur det er viktig å plassera dei i drifta og ta nødvendige investeringar for på den måten å førebu seg på litt trongare tider, understrekar Haraldseid Bleie.Han er også leiar i Finnøy Bondelag.-Det er og eit faktum at forskotsprisen på mjølk blei sett låg ved årsskifte i fjor, i forkant av koronakrisen, fordi ein forventa redusert sal og overproduksjon.Men både den ekstraordinære koronasituasjonen, og det at me har fått auka produksjonen heile tida utover året,og at også Tine driv effektivt og godt, bidreg til dette gode resultatet for oss bønder, meiner han.

Ser lyst også på 2022

Svein Egil Skartveit er produksjonsrådgivar i Tine Sør, og har inngående kjennskap til mest kvar eit mjølkebruk på Ryfylkeøyane.-Dette er svært gledelege tal for mjølkebøndene her,og vel fortent, understrekar halsnøybuen som sjølv har vore aktiv mjølkebonde i fleire år.

-Ja, kva betyr dette i kroner og øre for produsentane her, med bakgrunn i bruksstrukturen og dei mjølkekvotane dei har?

-Eg trur nok at gjennomsnittskvoten i Rennesøy og Finnøy nå ligg på nermare 200 000 liter, og då kan dette fort bli 150-160000 Kr i etterbetaling i gjennomsnitt .Men det unner eg kvar ein mjølkebonde her,som både er innovative, hardtsatsande og raske til å snu seg rundt for å produsera den mjølka som Tine og marknaden etterspør.Eller sagt med andre ord.Dei er raske med å fylle opp dei mjølkekvotane dei blir tildelt, poengterer Skartveit.Den lokale produksjonsrådgivaren ser også optimistisk på både inneverande år og neste år.-Eg trur produsentane kan forventa seg bra melkeoppgjerd også i tida framover, fordi omsetningsavgifta er redusert med 20 øre per liter, og at marknaden framleis vil etterspør norsk melk og norske meieriprodukter.Det er dei marknadsutsiktene og forholda Tine styrer etter i dag, avsluttar han.

 Etterbetaling også til kjøtprodusentar

-Også slakterisamvirket   Nortura har hatt eit bra år, og kan nå gjera opp ein rekneskap og eit årsresultat som fører til at bøndene får utbetalt 135 millonar i etterbetaling.I følge Nortura sjølv, så vil det gi ei etterskotsbetaling på 7803 kroner i gjennomsnitt til medlemmene.