Fylesmannen i Rogaland fremjar mange klager og innsigelsar.

SJERNARØY:

Hytteigaren har søkt om å få riva ein del av hytta og byggja opp eit nybygg som vil gjera hytta 46,5 kvadratmeter større. Hytta er i dag 73 kvadratmeter. Finnøy kommune sa ja, og Stavanger kommune sa også ja til søknaden, etter at fylkesmannen i Rogaland hadde klaga.,

Hytta er opprinneleg bygd som gardshytte på tidleg 70-talet.

Nå ligg svaret frå fylkesmannen i Vestland føre: hytteeigaren får nei til planane. I grunngjevinga blir det vist til at frittliggjande hytter i 100-metersbeltet i fylgje kommuneplanen i Finnøy ikkje skal vera større enn 85 kvadratmeter.

Fritidsbustaden ligg i utkanten av reguleringsområdet, som er avsett til fritidsføremål, og det er andre fritidsbustader i området som overskrid arealgrensa. Kommunen har i sitt dispensasjonsvedtak og i klagevurderinga vektlagt at tiltaket ikkje vil gi presedensverknader for området eller hindre ferdsel for ålmenta i strandsona, og at tiltaket er godt tilpassa den eksisterande fritidsbustaden og terrenget.

Etter fylkesmannen si vurdering inneber fritidsbustaden det er søkt om eit vesentleg avvik frå kravet i kommuneplanen frå 2016, som har fastsett ei maksgrense på 85 kvadratmeter for fritidsbustader i 100-metersbeltet i kommunen. Fritidsbustaden ligg for seg sjølv, og vil vere godt synleg frå sjøen. Ein dispensasjon vil difor etter vår vurdering setje til side landskapsinteressene i området. Tiltaket vil slik vi ser det òg føre til auka privatisering og utbygging av eit område som allereie er under press.