Det var ei liknande skute finnøybuane stakk av med.

Ein av dei fyrste dagane i april 1760 då Per og Margreta dreiv og spadde åkrane på Nora Våga på Austre Bokn, seig ein færing inn Vågavågen.  Båten lende i støa og opp sjoarvegen kom dei to finnøybuane 28-åringen Halvard Jakobsson Hesby og jamaldringen Hans Olsson Flesjå pesande. Danskekongen rekna med å bli utfordra av sjuårskrigen, ein stor europeisk konflikt som tvinga han til å styrka seg militært. Difor var karane i lag med ein bråte andre ungdommar  i amtet kalla inn til marinen.,

Der venta det dei eit særs helsefarleg liv, så dei stakk same vegen som så mange finnøyungdommar før. Med seg frakta dei kistene sine med alle eignelutar og sette kursen nordvest mot Bokn. I Føresvik hadde dei høyrt det låg ankra eit hollandsk brønnskip og lasta hummar, kunne Per vera så gild å føra dei to dit? Men Per var ikkje huga å ta seg av to desertørar: Prøv heller hjå naboen min, han Asbjørn. Og Asbjørn gav dei losji medan dei venta på at hollendarskipper Cornelius Marinsen skulle gjera seg ferdig med å lasta hummar. Asbjørn undrast på kva dei ville gjera viss dei ikkje fekk bli med. Då ville dei dra frå hamn til hamn heilt til dei fann nokon som tok dei med, var svaret.

Så ein dag fekk dei vera med Ola Søra Våga då han skulle nord og levera hummar til hollendaren. Men då dei runda Aksdalsneset, såg dei Rasmus Reilstad, medhjelparen til presten, koma stimande over fjorden mot dei. Dei rekna med at han kom for å henta dei heim. Difor fekk dei Ola til å setja dei i land på Vestre Bokn og gøymde seg i eit naust Sæbøsjøen ved Føresvik.

Jon Haga snik seg ombord

Same søndagen banka det på døra til Kristoffer Øvrabø på Austre Bokn. Utanfor sto 30-åringen finnøybuen Jon Jakobsson Haga, også han hadde stukke av frå militærtenesta. Nå bad han om at sonen til Kristoffer,17-åringen Holger, om å ro han over til hollendaren som låg for anker utanfor Føresvik, han skulle få betalt. Dette var elles den Holger`en som ni år etter gifta seg til Halsne på Halsnøy.,

Då dei kom over sundet til skipet, såg dei at visitør Peder Berg på Holmen i Føresvik, gjekk vakt om bord for å sjå til at ikkje uvedkomande kom med skipet. Dei rodde då framanfor baugen og til styrbord side, motsett av der Peder speida og slik at segla sperra for utsikten. To av mannskapet kom til og hjelpte Jon om bord og gøymde han under dekk.

Dømde til galgen

Halvard og Hans hadde òg vore om bord. Dei baud skipperen ein dalar kvar om han ville ta dei med som passasjerar til Holland, men Cornelius Marinsen nekta. Karane gav seg likevel ikkje. Dei hadde kontaktar om bord, og nett då skipet var i ferd med å heisa segl sneik dei seg om bord med kistene sine. Der blei dei og kistene deira tekne hand om og skjulte av mannskapet. Ein frisk nordvest sytte for at dei tri finnøybuane raskt var ute i ope hav og utanfor rekkevidde til lensmann og fut.,

I november 1762 var det så skipreideting i tingstova på Få. Saka mot dei tri desertørane hadde vore oppe ved fleire tingsamlingar og nå var det tid for dom: Alt dei tri åtte tilfall kongen og alle tri blei dømde til galgen – om dei blei fanga. I tiåra som fylgde høyrer me frå tid til annan at dei framleis var i Holland, men dei vende aldri heim att.