Ja også i kommunestyret til Finnøy Betong

Kommunestyret i Stavanger, minus SV, godkjente mandag reguleringsplanen for Finnøy Betong.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

STAVANGER: 

SVs Paal Kloster fremma forslag om at reguleringsplanen skulle avvisast, og at arbeidet med å finna ein ny og "mer egnet" plass for bedrifta blir sett i gong. SV peikar både på næringsområdet på Ladstein og på Hanasand som betre alternativ for plasseringa av bedrifta, og vil at ei flytting skal skje med bistand frå staten, fylket og kommunen. Men forslaget fekk bare støtte frå partiet sine eigne fire representantar.,

Kjartan Alexander Lunde (V) understreka i sitt innlegg at ingen i dag ville sagt at det er greitt at bedrifta ligg der ho gjer, viss ho hadde blitt etableret nå. Det er i første rekke det uheldige i å ha ei industribedrift midt i eit landbruksområde, som Lunde ikkje likte.

Men Venstre-politikaren la vekt på at reguleringsplanen ikkje åpnar for auke produksjon pluss at jordbruksjord vil bli tilbakeført.

-Det er kommunen sin feil (Finnøy kommune red. anm.) at bedrifta ligg her ved at det er gitt dispensasjon etter dispensasjon. Nå ligg bedrifta her, og det ansvaret må me ta, sa Lunde, som også meinte at SV sitt forslag mangla realisme.

-Det finst ikkje rom i kommunaler budsjett til å hjelpa til med ei flytting, sa Lunde.

Aps Sissel Fuglestad viste til at Finnøy Betong er ein viktig arbeidsplass, som det er viktig å ta vare på. Etter hennar meining ville også reguleringsplanen ivareta både harde og mjuke traffikkantar i området på ein betre måte.

Publisert: