Morten Hovet er kommunelege i Finnøy og Rennesøy kommunedel Foto: Arkiv

FINNØY/RENNESØY:

Likevel er det slik at helsestyresmaktene ventar auka smitte etter at julehøgtida er over. Meir reiseaktivitet og sosialisering aukar smittetrykket.,

- Eg har nok ikkje full oversikt over smittesituasjonen i Finnøy og Rennesøy, det er det  smittevernkontoret som har. Det har vore enkelte tilfelle av koronasmitta personar dei siste månadane både i Finnøy og Rennesøy, men det er ikkje snakk om mange. Heldigvis har me unngått større utbrot og ikkje fått smitte på institusjonar slik som sjukeheimar og skular, opplyser Hovdet. Han held fram: Det verkar som dei fleste er flinke til å testa seg ved luftvegssymptom, og folk i Finnøy og Rennesøy trur eg generelt er gode til å følgje anbefalingar om handhygiene, halda seg heime viss ein er sjuk, avstand og få nærkontaktar. Det har truleg bidrege til at det er relativt få som har blitt smitta i denne regionen.

- Er det andre ting å omsyn til enn dei nasjonale tilrådingane?

- Det er dei som gjeld, og som alle bør fylgja, alltid. Pass på å ikkje samlast mange folk i nyttårsfeiringa, og faktisk halda ein meters avstand viss ein treff andre enn dei ein bur med. Vask hendene og held deg heime om du kjenner på symptom. Det er ein del folk som har vore forkjøla fleire dagar før dei finn ut at dei må testa seg. Det er viktig at alle har låg terskel for å testa seg før det har gått for lang tid. Symptom på Covid-19 kjenner me til: Feber, hoste, tungpust, hovudverk slappheit, nedsett lukte- og smakssans, muskelverk, sår hals, eller generell sjukdomskjensle. Me ynskjer jo alle å komma tilbake til ein meir normal kvardag så snart som mogleg. For at me skal få det til er det viktig at flest mogleg som får tilbod om vaksine takkar ja til det, avsluttar kommuneoverlege Morten Hovdet.