FINNØY:

- Eg har høyrt av andre at dei har sett ein båt her, men sjølv såg eg dei ikkje. Eg veit ikkje kva dei ville, seier Bokn då Øyposten spør kva han tykkjer om visitten.,

Jan Bokn har fått pålegg om å riva naustet sitt på Sør-Bokn og er truga med dagbøter. Saka kjem nå opp til politisk behandling i utvalet for by- og samfunnsutvikling, og det var medlemmer av utvalet pluss fleire gruppeleiarar frå partia i kommunestyret i Stavanger, som var med på turen.

Viss politikarane hadde lagt inn ein stopp, ville det vore mulig å gå i land på rutebåtkaien der.

-Det er ikkje langt bort til naustet mitt, seier Jan Bokn.

Frode Myrhol (fnb), leiaren i utvalet, seier dei hadde eit omfattande program, og at det difor ikkje blei tid til å stoppa og gå i land nokon stad. På programmet stod mellom anna ein kikk på naustet til Jostein og Gunvor Eiane på Sokn, utbygginga på Sjøberg på Østhusvik, grøntområde på Reilstad og naustet til Jan Bokn.

Myrhol meiner politikarane fekk danna seg eit godt inntrykk av saka med bare å sjå naustet på Bokn frå sjøsida, og at det blei gitt grundig orientering frå saksbehandlarar og administrasjonen.

-Eg opplever også at det er stor politisk enighet i utvalet om at naustet bør få stå. Hadde det vore stor uenighet, hadde det vore ei poeng for oss å gå i land. Me treng ikkje snakka med folk bare for å snakka, seier Frode Myrhol.

Når det gjeld naustet på Sokn var hensikten der ifølge Myrhol bare å ta ein kikk på ei bygg som har vore mykje omtalt i media, utan at saka står på dagsorden i utvalet.

Ifølge Kjartan Alexandre Lunde (V), er det leiar og nestleiar i utvalet (Myrhol og Anders Fjelland Bentsen (ap)) som hadde ansvaret for å leggja oppturen.

-Det er klart det er nyttig å snakka med folk, det pleier me å gjera viss med er ute på synfaring med buss. Eg kjenner ikkje kva vurderingar som her er gjort, men inntrykket er at me likevel fekk ei ganske god orientering om kva det går i.

-Kva inntrykk fekk du?

-Me fekk sett naustet frå sjøsida, men det er litt tidleg å ta stilling i saka ennå. Eg vil sjå kva kommunedirektøren skriv i sakspapira først, seier Lunde.

Mats Danielsen (frp) tykkjer heller ikkje det var spesielt nødvendig å gå i land og snakka med Bokn.

-Ut frå kommentarane eg høyrde om at "dette er ei typisk idiotsak", verkar det som om det er brei enighet om å støtta han i denne saka. Dessutan er han hjarteleg velkommen til å leggja fram saka si på møtet i utvalet, seier Frp-poltikaren.