-Flott at regjeringa viser at ho bryr seg om oss, seier Jon Olav Runestad.|Generalsekretær Katrine Meberg i Norsk Gartnerforbund.|Generalsekretær Katrine Meberg i Norsk Gartnerforbund.

BUDSJETT

: -Dette er eit spark på leggen som gjer det endå vanskelegare å koma dit me vil, seier Katrine Røed Meberg, generalsekretær i Norges Gartnerforbund til Øyposten.,

Veksthusnæringa har til nå vore friteken for CO2-avgift, og er, ifølge Meberg, i god gang med omlegging av energibruken i miljøvenleg retning.

Generalsekretær Katrine Meberg i Norsk Gartnerforbund.

-67 prosent av energibruken er fornybar, og målet er å gjera næringa heilt klimanøytral. Men det tek noko tid. Mellom anna må det vera infratruktur tilgjengeleg, til dømes elnett. Me er difor skuffa over forslaget, som vil forverra situasjonen for næringa, seier Meberg.

Garnar Jon Olav Runestad på Fogn seier at forslaget vil ramma gartnernæringa i området ekstra hardt.

-Me har i dag ikkje alternativ til gass når det gjeld oppvarming. Det er nemleg ikkje kapasitetet på straumnettet til omlegging i eit einaste gartneri, korkje i Randaberg, Rennesøy eller Finnøy. I beste fall kan kapasiteten på elnettet tidlegast vera utbygd om fem år, og det er tidlegast. Sannsynlegvis vil det ta lengre tid, seier han.

Runestad legg til at næringa nå er under ekstra press på grunn historisk høge gassprisar.