Vedtaket blei feira med vafler og pølser med meir. Bjørn Axel Aunan (f.v.), Geir Inge Steinsland, Ann Kristin Aunan, Målfrid Meling Steinsland, og Hannah Lunde Oftedahl, som held Fredrik (4 mnd.)

STAVANGER/AUSTRE-ÅMØY:

Den gledelege nyheiten for austrebuen blei vedtatt i Utvalg for miljø og utbygging onsdag.,No kan velforeininga på Austre Åmøy endeleg pusta ut.

,– Dette er fantastisk, det er nesten vanskeleg å tru at det endeleg har skjedd, sa Bjørn Aunan i velforeninga til Øyposten, etter avgjersla blei klar.

Aunan understreka kor takknemlege dei er, og at dei gjerne vil gi skryt til politikarane både i Rennesøy kommunedelsutval og i dei andre utvala.

https://www.oyposten.no/2021/10/20/fredar-grendehuset-pa-amoy-i-fem-ar/

Levande lokalsamfunn

Dette kom etter eit nyleg vedtak frå Rennesøy kommundelsutval, som førte til at leiar i miljøutvalet, Rune Askeland (MDG), fremma eit forslag på vegne av blant anna MDG, Ap, FNB og Sp.

Rune Askeland (MDG) er leiar for utvalet for miljø og utbygging.

I sitt forslag skreiv MDG-politikaren:

«Stavanger kommune ønsker å bidra til levende lokalsamfunn i hele kommunen, dette er sentralt for god livskvalitet og er et fundament for videre utvikling. Selv om skolen ikke er et ideelt bygg for andre formål enn skole, så er det foreløpig det beste bygget for innbyggerne på Austre-Åmøy til å avholde samlinger og å gjennomføre ulike aktiviteter.»

Alle partia i utvalet stemte for alternativet som omhandla framtida til sjølve bygget - utanom Høgre.

Dette på bakgrunn av tilsynsrapporten og bekymring over HMS-risikoen bygget kan utgjera.

– Dette er jo ei viktig sak for oss i Høgre. Me stemte for å iverksetta eit planarbeid som omfattar behovet for ein møteplass, også vidare. Men sidan administrasjonen skriv i saken at skulebygget er i svært dårleg forfatning, stemte me mot at innbyggarane skal bruka bygget i fem år uten at det er fiksa. Altså ein rein HMS-vurdering frå vår side, forklarer Ingebjørg Folgerø i Høgre.

Vil ha turistattraksjon

Men det blei også sagt i forslaget at det skal settes opp ei tidsbegrensa avtale på fem år, og at høgst naudsynt vedlikehald skal utføras med eit fem års perspektiv.

Det gamle skulebygget kan dermed framleis nyttas som grendahus, inntil vidare.

Det blei også fremma ei sak for å utforska muligheitene for utvikling av helleristningsfeltene på Austre-Åmøy, som ei attraktiv og berekraftig destinasjon for besøkande. Dette forslaget blei einstemmig vedtatt.

Dette er den største konsentrasjonen av helleristningar i Rogaland, noko som kan ha stort potensiale som turistattraksjon, meiner Rune Askeland.