Sterke reaksjonar på vedtaket om å leggja ned miljøstasjonen på Hausken frå både Jan Mikal Hanasand (t.v.), Jostein Eiane og Tor Bernhard Harestad.

RENNESØY:

Både Miljøpartiet og Senterpartiet får gjennomgå etter at fleirtalspartia onsdag stemde for å leggja ned miljøstasjonen på Hausken.,

-Resultatet blir at folk begynner å brenna søppelet heime, det har eg alt fått telefonar om, seier Frps Tor Bernhard Harestad, som er "sjokkert" over at Miljøpartiet av alle kan gå inn for å leggja ned ein miljøstasjon.

-Skal me køyra gjennom to tunnelar for å bli kvitt søppelet, kva blir konsekvenasane for miljøet av det, spør Harestad, som meiner det bare er "peanøtter" å spara på å legga ned stasjonen på Hausken.

Øyfast-trøbbel

-Kor er logikken, når kommunen brende av fleire millionar på festen i Fargegata i haust. Eg er likevel mest skuffa over Sp-politikar Birger Hetland, han må snart begynna å tenkja seg om. Det vedtaket han var med på her skapar splittelse mellom øyane, og kan gjera at me frå Rennesøy kan koma til å gi blaffen i Øyfast. Skal me få til noko, må me stå saman og hjelpa kvarandre, tordnar Frp-sjefen frå Bru.

Også KrF-politikar Jostein Eiane er skuffa over vedtaket. Det var nemleg eit samrøystes kommunedelsutval i Rennesøy som vedtok at miljøstasjonen burde oppretthaldast.

Stengde tunnelar

-Eg håpar at fleirtalspartia snur, for dette er dårleg både for miljøet og klimaet. Dessutan har me jobba for at tunnelane skal vera minst mulig stengde. Dette kan føra til det motsette, når folk skal kjøra hageavfall eller anna avfall på ein bilhengar til Forus eller Finnøy for å bli kvitt det. Då kan det fort skje at noko ramlar av, slik at tunnelane må stengjast, seier Eiane, som også er bekymra for innsamlinga av landbruksplast.

-Korleis det skal skje er usikkert nå, når stasjonen på Hausken blir lagt ned, påpeikar han, og minner om at Rennesøy betalar renovasjonsavgift på lik linje med andre kommunedelar.

Også Jan Mikal Hanasand (H) er skuffa over vedtaket.

https://www.oyposten.no/2021/11/24/ventar-pa-avgjersle-om-gjenvinningsstasjonen-skal-leggas-ned/

-Det er snakk om ei innsparing på bare 300.000 kroner i året. Det som vil skje nå er at folk brenn søppelet heime, eller bare let det liggja.l at folk kvittar seg med avfallet brenna det heime, eller at det bare blir liggjande. Klimamessig er det heller ikkje bra, sidan det vil føra til auka utslepp av at avfallet må kjørast gjennom tunnelane, seier Hanasand.

Han har likevel ikkje gitt opp.

-Me vil kjempa vidare for å oppretthalda tilbudet, lovar han.

-Er det ikkje rennesøybuen sin eigen feil at tilbudet blir lagt ned, sidan det blir for lite brukt?

-Det veit eg ikkje om stemmer heilt. Avfallsmengda varierer med årstidene, og dessutan er det ein del avfrall som blir levert når stasjonen ikkje er betjent. Men viss stasjonen hadde blitt oppretthalden, trur eg det ville vore ein vekkar for folk, og at dei hadde beynt å brukja han meir. Det ville også hjelpt med utvida åpningstider, til dømes på laurdagen, meiner Jan Mikal Hanasand.

Sp-politikar Birger W. Hetland forsvararer vedtaket. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Spo-politikar Birger Hetland forsvarer vedtaket med at nedlegginga av miljøstasjonen vil bli ertatta av ei ordning som vil tena folk i Rennesøy betre enn dagens ordning.

-Tilbudet blir bare betre

-Me vil laga eit tilbud som me trur vil fungera betre, ved at det blir mulig å bestilla henting av søppelet heime på døra eller i tunet. Eg trur behovet for ein  miljøstasjon blir svært lite når folk får kjennskap til dei ordningane som finst, seier Hetland, som legg til at det også blir forsøkt å finna ei ordning for landbruksplasten.

-Viss fleire bønder går saman er det mulig å få ganske mykje i  tilskot til innkjøp av plastpresse, opplyser han.

-Tort Bernhard Harestad meiner at denne saka skan skapa vondt blod mellom øyane og øydeleggja for Øyfast?

-Det trur eg ikkje på. For det første er eg sikker på at også Tor Bernhard Harestad vil bli fornøyd når han kan få henta søppelet på kaien heime hos seg sjølv. Dessutan kjem det til å koma mange andre saker i Rennesøy som me vil jobba for framover.

-Det var eit enstemmig kommunedelsutval i Rennesøy som ville behalda anlegget på Hausken?

-Det er viktig å lytta til meiningane til kommunedelsutvala, men Sp er ein del av eit politisk fleirtal, og  i budsjettsaker opptrer me samla, seier Birger W. Hetland.