Guttorm Gudmestad er leiar i Rennesøy Bondelag.

RENNESØY

: -Det har lege i korta ei stund, seier Gudmestad til Øyposten.,

-Me hadde valet mellom å byggja nytt robotfjøs eller nytt sauhus for 6-7 år sidan, og valde det siste, etter ein runde med barna våre. Ingen av dei ville driva garden vidare med mjølk, seier bonden på Hodne vidare.

Kjøttfe og sau

På garden har dei ein mjølkekvote på 220.000 liter, som han har leigd bort. Kvoten forblir i Ryfylke, dels på Finnøy, dels på Mosterøy og dels i Strand. Ingen bønder på Rennesøy melde si interesse.

I staden for mjølkeproduksjon vil Gudmestad satsa på 30 ammekyr av rasen Angus pluss dei 600 vinterfora sauene han alt har på garden.

Det var foreldra til Guttorm Gudmestad som kjøpte garden av staten i 1962. Då var garden forsøksgard for sau, og foreldra var dei som starta opp med mjølkeproduksjon.

Tidkrevjande

-Korleis blir det å slutta med kyr?

-Det er noko me har forsont oss med. Dessutan er det tidkrevjande med ei så omfattende drift, seier han.

Guttrom Gudmestad blei elles nyleg gjenvald til leiar i Rennesøy bondelag, på årsmøtet der for eit par veker sidan.

Guttorm Gudmestad droppar mjølkeproduksjonen til fordel for ammekyr og sau. (Foto: Oddbjørg M. Måland)