Heilårsbustader eller fritidsbustader?

LEIAR

  • Øyposten Nett
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ni år gammel

Spørsmålet knytta til den klassiske problemstiliinga om,bustader skal nyttast som heilårsbustader eller fritidsbustader,i Finnøy har igjen blitt aktualisert etter at eit større,eigedomsmeglarselskap i desse dagar går ut og annonserer,ein nyoppført bustad for sal som fritidsbustad.,

Dette er ein bustad som har ei svært attraktiv plassering

nær sjø i eit større sentrumsnært bustadfelt på Judaberg.

Det har heller ikkje mangla på reaksjonane i etterkant av

denne annonseringa. Rådmann, Magne Kongsvik, er også,uvanleg krass i sin karakterstikk av denne type annonsering,og handlemåte frå eigedomsmeklaren si side, som han i,klare ordelag karakteriserer som rein spekulasjon.

Dette med bakgrunn i at både seljar og meklar i dette tilfellet

burde vita godt om kva reguleringsbestemmelsar som,gjeld i samband med både dette bustadfeltet og dei fleste,andre nyare bustadfelt ellers i kommunen.

Det er kanskje ikkje overraskande at denne type problemstillingar

dukkar opp i kjølvatnet av det omdiskuterte

vedtaket om å oppheva buplikta på bustader i kommunen.

Me har også den tiltrua til den politiske leiinga i kommunen,som stod bak dette vedtaket, at dei brukar dei andre,sentrale verkemidla dei har for å hindrar at attraktive, nye,og sentrumsnære heilårsbustader blir selde som fritidsbustader.

For me vel å tru at det ikkje var denne utviklinga som var

,intensjonane bak vedtaket om å oppheva buplikta på bustader,i Finnøy kommune.