Thomas Tvedt under konserten i Hesby-kyrkja. (Foto: Geir Landa)

Eit talrikt publikum fekk alt frå O Helga natt til Tom Waits sitt skråblikk på jul, iblanda eigenkomponerte songar av Thomas og drypp frå Edvard Grieg. Det er ingen tvil om at 27-åringen frå Randaberg har ei gudegjeven røyst av dei sjeldne. I tillegg viste han korleis han også er ein dyktig pianist, samt fløytespelar. Godt gjort når du ikkje ser nokon ting!,

Liv og kvardag blei delt i bolkevis, gjennom intervjubolkar både med og utan far Tom Tvedt. Både fordomar, tru og livsutfordringar blei delt utan filter. «Eg har aldri sett, så eg veitt ikkje korleis eit liv med syn er», kommenterte Thomas. Han har hatt eit spesielt siste år, der han som ein del av musikkstudia har vore i fengsel. Ja i Ila fengsel finn du forbrytarane med dei strengaste straffane. Blant desse har Thomas brukt musikk som terapi, starta band, delt gleder og sorger. Og han ser noko likt med seg sjølv og dei som sit inne: «Det er ein slags form for fridomsrøving. Ja, det at eg ikkje ser.»

Men, verken Thomas eller far Tom, er bitre. Tom har to barn, begge er blinde. Og han er, som fedre bør vera, utruleg stolt av ungane sine. Og ser ikkje hindringar. Men, han ser korleis eit samfunn har skapt stengsel for dei som har eit anna fysisk utgangspunkt. «Eg hentar styrke i dei resultata eg ser at me saman har fått til», kommenterte Tom og tenkte på fleire sigrar innan universell utforming. Men, sint på Gud? «Aldri». Urettferdig? «Nei.»

Thomas Tvedt held fram med julekonsertar i Grødem kyrkje i Randaberg og Årdal Kyrkje i Hjelmeland før julefreden senkar seg.