Mulig å få mange hjortesteiker i Finnøy i haust
På Ombo er det lov å fella over 100 hjort i haust. Også på Fogn og Bjergøy i Sjernarøyane er det lov med hjortejakt i haust.
Hjortejakta varer frå 1. september til vesle julafta, mens det er lov til å jakta på rådyr frå 25. september og fram til same sluttdato som for hjorten.,
I år er det delt ut heile 109 fellingsløyve for hjort på Ombo. Det inkluderer også den delen av øya som ligg i Hjelmeland kommune. Heile Ombo blir samla i Nye Stavanger kommune frå nyttår, og då er det også aktuelt å laga ein forvaltningsplan for viltet i den nye kommunen.
Dette er løyva som er gitt:
Hjort
Ombo (heile Ombo inkludert Hjelmelandsdelen) 109 fellingsløyve
Fogn 4 fellingsløyve
Bjergøy 2 fellingsløyve
Rådyr
Fisterøyane 8 fellingsløyve
Fogn 25 fellingsløyve
Halsnøy 15 fellingsløyve
Helgøy og Nord-Talgje 7 fellingsløyve
Nord-Hidle 5 fellingsløyve
Ombo (bare Finnøy del) 124 fellingsløyve
Bjergøy og Kyrkjøy 24 fellingsløyve
Sør-Talgje 13 fellingsløyve
Ifølge landbrukssjef Silke Ullrich i Finnøy kommune kom det eit nytt hjorteviltregister i haust som ikkje er fullt oppe og går endå. Dei oppgitte løyva er difor ikkje henta ut direkte frå den nye registeret, men laga på grunnlag av arealet i dei einskilde jaktområda.
Dermed kan det vera mindre avvik i desse tala samanlikna med dei faktisk gitt løyva.