-Men det avheng sjølvsagt av at grossistane og butikkjedene vil dette. For både kvaliteten og smaken er det ikkje noko å utsetja på, snarare tvert om, meiner Roald. Han er tydeleg på at kvaliteten på dei mest kjente eplesortane som Rubinstep og Elstar berre blir betre av å bli lagra lengre utover vinteren.,I dag er det tollvern på norsk epleproduksjon frå august til desember, og det skjønar Vold lite av utifrå eit reint kvalitets- og smaksperspektiv.,-Det betyr at det er viktig for fruktdyrkarane å få seld epla før tollvernet vert oppheva, men det er ikkje då smaken er best. Den blir berre betre og betre dersom me lagar epla under dei rette forholda utover etterjulsvinteren. Så diverre er det slik at spesielt dei seine eplesortane smakar dårlegast når dei skal ut på den norske marknaden. Det er jo eit stort paradoks, meiner Roald.,

Ordninga skriv seg tilbake til 1994, då den nåverande WTO-avtalen og handelen med landbruksvarer vart sett i verk.

Erfaringane for salet av epler i Coop-butikkane , viser at det er seld dobbelt så mykje norske eple som importeple i denne perioden før jul. Det er Ullensvanf Fruktlager SA og Telefruks som kar levert 70 tonn eple ut i Coop-butikkane.Det var avisa Bondebladet som omtala denne saka først.

Usikker på økonomien

Fruktdyrkar Vold, på Golf Gartneri på Jørstad, er usikker på kva oppgjerdspris som fruktdyrkarane her har fått, men meiner det er eit spleiselag mellom grossisten Coop og produsentane.

-Om denne ligg på 13 kroner, slik det er blitt meg fortalt, så er det om lag tre kroner under det som er vanleg i den norske sesongen med tollvern.,Han har heller ikkje tru på at det politisk vilje hjå styresmaktene til å forlenga perioden med tollvern.,-Det som likevel kan gjerast, er å gi ei direkte støtte til lagring av frukta. Eg meiner at det er mogeleg innanfor gjeldane regelverk, slår Vold fast.

Som Øyposten tidlegare har omtala, så har det dei siste åra vore ei sterk satsing på å utvida fruktdyrkinga i Ryfylke, og nye produsentar kjem stadig til. Det skuldast i hovudsak nye dyrkingsteknikkar og produksjonsmetaodar som nærmast har revolusjonert heile fruktdyrkinga i Ryfylke. Ein av hovudarkitektane bak dette er altså ombobuen Roald Vold på Jørstad.

-Utfordringa no, for dei som vil satsa, er å få seg leveringsavtalar. Det er heilt avgjerande for å ha ein marknad som er i balanse, og for å unngå overproduksjon. I år har det vore mykje eple på marknaden, og den salgsoffensiven som blei gjennomført no i desember er eit resultat av dette. Men eg trur, som sagt, at det ligg eit postensiale til å ta unna eit større volum gjennom den stadig aukande interessa for dyrking av norske epler og frukt gjennom eit slik lagringstilskot. Men også gjennom ei langt større satsing på pressing av eple og sal av norsk eplecider.,Her ligg det ei betydeleg verdiskaping, slik eg ser det. Det er berre å sjå på utsalsprisane i butikk,fastslår Vold.,- Men også innan norsk pæreproduksjon ligg det eit betydeleg potensiale, om nokon vel å starta opp, eller leggja om til den produksjonen, legg Roald til.

Dette er noko den aldrande, men likevel så innovative og visjonære fruktdyrkaren sjølv også har gjort alvor av, ved å planta til seks nye dekar med 1450 pæretre dei to siste åra.

Det skal gi 30 nye tonn med ombopærer inn i den norske marknaden, som per i dag har sunke til ein produksjon av fattige 90 tonn, i følge Roald Vold.