- Det er heilt grassat, seier Christian Aske, som kjører buss på Sjernarøyane.,

- Det flyt over. Det blir sagt at det blei målt 80 millimeter bare på eit par timar seint i natt. Eg høyrde i alle fall at det regna godt. Ein plass på Kyrkjøy ser det ut som om dei har fått eit svært nytt symjebasseng, og på Helgøy fløymer det også heilt over,  seier Aske.

Også på Finnøy blir det rapportert om mykje vatn.

- Eg kjørte frå Steinnesvåg over Kyrkjesteinsskaret, og der var det ein god del vatn både på marker og i veggrøfter, seier Rasmus Vignes til Øyposten.

Vignes var på veg til byen i dag tidleg for å kjøra buss for tog der.

- Kva med Rennesøy?

- Nei, det såg ikkje så ille ut der, seier Vignes.

Ifølge statsmeteorolog Lars Andreas Feldberg ved Værvarslinga i Bergen er det store lokale variasjonar. På Karmøy er det målt over 70 milli8meter i løpet av eit par timar, mens det har regna lite i Fister i natt.

Nå skal det minka med regninga, men fredag er det venta bygevær med mykje nedbør igjen.

- Typisk haustvær, seier Feldberg.

Finnøy kommune har førebels ikkje fått meldingar om skader på hus eller bygningar, men det blir meldt om vatn i kjellarar rundt om kring.