Det er også kjærkomne midlar for dei nye posisjonspartia og kommunedirektør Vareide, som i sitt budsjettframlegg har lagt opp til eit kutt på om lag 100 millionar kroner i budsjettet for neste år. Difor kan dette no reduserast betydeleg, når det nye kommunestyret skal handsama budsjett- og økonomiplanen i sitt møte førstkomande mandag.,

   Kr.F legg inn gang- og sykkelstien

Både den kraftige auken i skatteinngangen i Stavanger, Finnøy sitt "bidrag" på 8 millionar kroner frå avkastninga frå Havbruksfondet i år og utsikter til ein enno kraftigare bidrag frå fondet til neste år, gjer sitt til at nåverande ordførar i Finnøy og gruppeleiar i Stavanger Kr.F, Henrik Halleland, vil bruka 25 millionar frå Stavanger-budsjettet til å finansiera den mykje omtala gang- og sykkelvegen mellom Kvame og Vikekleiva på Finnøy.

,-Dei resterande 5 millionar kronene er det fylkeskommunen som skal ta, slår Halleland fast. Dette er også i tråd med innhaldet og primærvedtaket som vart gjort i saka i kommunestyra i Finnøy og Rennesøy no på mandag.,-På eit budsjett på heile 11 milliardar kroner må me klara å finna rom til dette, meiner han.,Og sjølv om det var vemodig å avvikla Finnøy kommune på det siste kommunestyremøte mandag kveld, ser no Halleland at det ville blitt svært tøft å få sydd saman eit budsjett for Finnøy kommune for neste år,og i åra som kjem,med slike utsikter til skatteinngang frå lokalt næringsliv og innbyggarane i dagens Finnøy.,-Sjølv om Stavanger også må visa nøkternheit, så er det ein heilt anna økonomisk kvardag eg opplever no enn kva tilfellet var og er i "gamle Finnøy kommune", slår Halleland fast.