Bondelagsleiar Guttorm Gudmestad meiner årets jordbruksoppgjer er å vera eller ikkje vera for mange bønder. Foto: Arkiv

RENNESØY:

- Det er fordi eg faktisk forventar at regjeringa står for det dei har lova. Dette oppgjeret må vera eit av dei viktigaste på lang, lang tid, og utfallet kan vera vinn eller forsvinn for mange bønder. Dersom bøndene ikkje får eit lønnsløft er det grunn til bekymring for den framtidige matproduksjonen. Slik er det, seier Gudmestad.,

Om tre timar legg staten fram sitt tilbod til bøndene. Kravet frå bøndene er rekordhøgt, 11.5 milliardar. Årsaka er dei skyhøge prisane på gjødsel, straum og drivstoff.

Viktig for heile samfunnet

- Kva trur du er realistisk å venta?

- Eg forventar at den såkalla akuttpakken på 2,6 milliardar blir innfridd fullt og heilt. Er tilbodet under 6 milliardar, trur eg det blir brot i forhandlingane. Ligg det mellom seks og sju milliardar kan det bli forhandlingar. Men dette er ikkje uttala nokon stad, det er berre det eg personleg trur.

- Kva blir konsekvensane viss staten ikkje innfrir krava?

- Bøndene kan ikkje driva dugnad, eller på tap, det seier seg sjølv. Skal me ha matproduksjon i Norge, må staten vera villig til å betala prisen det kostar. Krigen i Ukraina har vist oss kor sårbar matproduskjonen er. Difor er dette oppgjeret ikkje berre viktig for bøndene men for heile samfunnet. Også for senterpartiet er det uhyre viktig med eit brukbart oppgjer, viss ikkje er eg redd dei har grove si eiga grav.

- Viss oppgjeret blir bra, korleis skal du feira?

- Då skal eg gå i banken og gi beskjed om at me kan driva i lag ei stund til, avsluttar bondelagsleiaren i Rennesøy, Guttorm Gudmestad.