Frøydis på farfars fang. Minna om Alfred Hauge er udelt gode.|Kirsten og Alfred Hauge, saman med sitt barnebarn Frøydis. |Frøydis Lilledalen.

OSLO: -Me budde på Austlandet, men var ofte på besøk hos farmor og farfar. Huset deira på Vaulen i Stavanger var eit eldorado for meg som barn. Det var mange spanande krinkelkrokar og gøymestader, dei hadde mykje kunst på veggane og eit stort bibliotek med hems og stige som eg elska å klatra i, fortel Frøydis Lilledalen (46) til Øyposten.

Kirsten og Alfred Hauge, saman med sitt barnebarn Frøydis. Foto: FOTO: Privat

Minna om farfar Alfred Hauge er udelt gode.

-Eg hugsa at eg sat på fanget hans medan han las frå «Bekken og Enga». Ein gong fekk eg til og med lov til å væra med i et radioprogram som vart laga om han. Då fekk eg lesa eit sjølvskrive dikt om fred. Det var stor stas for ei lita jente.

Ville bli skodespelar

Frøydis Lilledalen er dotter av teolog Kjetil Hauge, nest eldste barn av Alfred og Kirsten Hauge.

-Eg trur nok det var lettare å væra Alfred sitt barnebarn enn barn. Hans skrivekall og kunstnariske verksemd kravde mykje av han, og det var farmor som bar det meste av ansvaret for familien. Kanskje var det lettare for han å finne meir tid til barnebarna? Det er jo ofte slik.

Frøydis Lilledalen er snart klar med sin andre krimroman.

Då Frøydis var barn ville ho bli skodespelar, forfattar eller psykolog.

-Eg har vore innom alle tre, seier ho. Etter vidaregåande flytta ho til Lillehammer for å gå på Nansenskolen. Saman med fire medstudentar danna ho ei teatertrupp som reiste Skandinavia rundt med førestillinga «Equus».

-Eg hugsar særleg godt då me spela i fristaden Skandinavia. Eg hadde dobbeltsidig lungebetennelse og me fekk ståande applaus frå samelege fem frammøtte. Ikkje var dei heilt edru heller, seier minnes Frøydis lattermildt.

Frå tango til teologi

Seinare starta ho på Nordisk teaterskole i Århus i Danmark. Her oppdaga ho tango som uttrykksform. Og her møtte ho mannen i sitt liv.

-Allen var tangolæraren min. I dag er vi gift og har tre flotte jenter saman;  Runa på 15 år, Kajsa 17 og Eiril på 10.

Etter teaterskulen kom Frøydis på andre tankar. Ho ville bli teolog som sin far.

-Eg starta på teologistudiet i Oslo og kom til eit ope og aksepterande miljø som eg stortreivst i. Men eg fekk aldri noko prestekall. Difor gjekk det med meg som det gjekk med farfar. Eg hoppa av teologistudiane for å gjera noko anna.

To år seinare byrja ho på psykologstudie. Og denne gongen fullførte ho.  Frøydis har vore innom både BUP, familievernkontor og organisasjonspsykolog. Og om du såg NRK-serien «Bør de gifte seg?» så var ho psykologeksperten som ga deltakarane gode samlivsråd.

Galgenhumor

At farfaren hennar sleit psykisk store delar av livet er kjend.

- Farfar hadde sine ting å slita med, men som barnebarnet hans såg eg lite til det. På Vaulen vart eg introdusert for ein herleg galgenhumor som har blitt ein av mine gode følgjesvener gjennom livet. Å kunne spøke med eigne og andre sine demonar, å ha sjølvironi og på den måten ufarleggjere ting gjennom humor er noko av det viktigaste er har med meg frå Hauge-slekta.

Ikkje berre tango på roser

Livet har ikkje berre vore tango på roser for Frøydis. I ein alder av 39 år blei ho brått sjuk. Diagnosen var kronisk utmattingssyndrom, også kjend som ME. Livet gjorde ein bråstans.

-Det gjekk fort. Eine dagen var eg ei aktiv og sosial trebarnsmamma som dansa tango, dreiv med yoga, likte å reisa, spela volleyball og sykla, andre dagen klarte eg ikkje koma meg ut av senga. Eg var svimmel, hadde store smerter og hjernetåke.

Frøydis vart innlagt på sjukehus. Etter seks veker der gjekk vegen vidare til rehabilitering på sjukeheim, kor ho blei verande i ni månader.

-Å være sjukeheimens sjukaste pasient i ein alder av 39 år var ei sær oppleving.

I dag har ho lært seg å leva med sjukdomen.

-Dagsforma mi er som Joker Nord. Totalt uføreseieleg. Eg kan vakne med så store smerter at eg ikkje kjem meg ut av senga. Andre dagar  kjenner eg meg litt betre. Og då tenkjer eg alltid: No har det snudd. No blir eg frisk igjen. Det har ikkje skjedd enda, men eg kan ikkje gje opp håpet.

Trøyst i å skrive

Sjukdommen er sentralt tema i boka ho akkurat er ferdig med.

-Eg har alltid hatt lyst til å skrive slik farfar gjorde. Men med full jobb, tre barn og høgt aktivitetsnivå på fritida let det seg ikkje gjera. Så blei eg sjuk og etter kvart ufør. På dagar då forma er så nokolunde har det å skrive blitt ei trøyst, ei flukt frå sjukdommen.

Den første boka hennar «Paradis» (Liv forlag) kom i fjor. Til hausten kjem «Mødrenes synder». Begge er kriminalromanar der lesarane får bli med inn i universet til psykolog Petra Hassel og etterforskar Jonas Bø ved Manglerud politistasjon.

-«Paradis» handlar om korleis utanforskap kan driva menneske til fryktelege handlingar. «Mødrenes synder» er også ein kriminalroman, men den er meir personleg.  Den tek for seg korleis det er å leva med såkalla lågstatus-sjukdommar som ME. Det å vera sjuk, men ikkje bli trudd, ugyldigjort eller bagatellisert er vanskeleg, seier ho.

Dette er noko Frøydis brenn for.  Ho har skrive fleire innlegg i aviser og tidsskrift om saka, og har planar om å skrive ei «hjelpebok» for pasientar med komplekse og lite kjende sjukdommar.

Petra Hassel og Jonas Bø har ho ikkje tenkt å gje slepp på med det første.

-Nei, draumen er å skrive ei serie med bøker om gjengen på Manglerud politikammer. Men er det noko sjukdommen har lært meg, så er det å ta ein dag om gongen.