Det er vår i lufta og søppel på bakken

Det har blitt tradisjon med ryddeaksjonar på våren. Spesielt etter at ein død kval blei funne på Sotra i 2017 med store mengder plast i magen, eksploderte fokuset på strandrydding.

Ungane i barnehagane lærer tidleg å ta ansvar for miljøet. Her frå barnehagen i Sjernarøy. Foto: Arkiv.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

FINNØY-RENNESØY:

Og dei siste åra er det mange som har vore ute og rydda, både her i kommunedelane og elles i landet.,

Ofte er det privatpersonar som har teke initiativ til ulike ryddeaksjonar. Sjølv om stadige fleire lag og organisasjonar, skular, barnehagar, bedrifter og institusjonar oppmodar til å ta eit tak for miljøet.

Viss du er med i ein frivillig organisasjon som er registrert i Brønnøysundregisteret og har adresse i Stavanger kommune, kan du søka støtte frå kommunen til opprydding i strandsona.

Pengar å tena på søppel

Tilskotsramma er 180 000 kroner, med inntil 20 000 kroner per kommunedel. Minstesummen det kan søkast om er 5000 kroner. Det er kommunedelsutvala som fordeler pengane. Dersom det er mange kvalifiserte søkarar i ein kommunedel, kan det bli brukt loddtrekning for å fordela heile eller delar av tilskotet.

Ryddeaksjonen skal gjennomførast perioden juni-november 2022.

Søknadsfristen er 1. mai 2022.

På kommunen sine heimesider finn du informasjon om korleis du skal gå fram for å søka.

Publisert: