Naboar vil ikkje ha trafostasjon plassert på Finnøy Motor-tomta
Naboar til Finnøy Motor-bygget er svært lite begeistra for at Lnett planlegg å plassera den nye trafo-stasjonen på denne tomta. Også Finnøy Grendelag går mot denne plasseringa.
FINNØY: Då fristen gjekk ut 24. februar var det kome inn 55 fråsegner om den nye kraftforbindelsen frå Strand over Fogn og Finnøy til Rennesøy. Motstanden mot luftlinjer er massiv.
Det blir protestert både på luftspenn over øyane og plasseringa av trafostasjonen på Finnøy. Lnett har kjøpt eigedommen til Finnøy Motor, og har foreslått å plassera trafostasjonen der. Men det fell i dårleg jord både hos naboar og grendalaget på Finnøy.
12 meter høy gigantisk bygning
«Vi ønsker ikke en 12 meter høy og gigantisk bygning rett foran oss . Vi ber
om at dere utreder andre alternativ vekk fra sentrum. Når vi ser på kartet er
det så tydelig at det blir feil med en stor trafo midt i de tetteste boligfelta på
Finnøy.
En så ruvende bygning , både høy og bred vil ødelegge boområdet vårt. Vi
vil ikke ha den på tomta til Finnøy motor. Det har vært dårlig arealplanlegging i gamle Finnøy kommune å legge næringsområder midt imellom boområdene», heiter det frå naboar, som peikar på Nådå eller Ladstein om alternative plasseringar for trafo’en. Det blir også peika på Miljøstasjonen som eit mulig alternativ, eller på Lauvsnes.
Langs Hanasandvegen i staden for Austbøheia
Også frå Strand kjem det protestar og krav om jordkabel. Telenor er mest bekymra for at sjøkabel frå Strand til Holevågen på Fogn og frå Eidsvågen på Fogn til Fåholmen vil kryssa Telenors fiberkablar. Telegiganten set difor fram krav om at det mellom anna må la seg gjera å henta opp fiberkabelen for feilretting.
Statsforvalteren i Rogaland støttar jordkabel. På øyane er jordkabel det einaste alternativet som ikkje er i betydeleg konflikt med landbruket, spesielt i Finnøy og Rennesøy, skriv Statsforvalteren, som også påpeikar at det er ålegras både i Holevågen og i Eidsvågen på Fogn. Konsekvensane av dette må difor nærare utgreiast.
På Rennesøy er Statsforvalteren skeptisk til lutspenn gjennom KULA-landskapet, og tilrår heller luftspenn langs Hanasandvegen, viss det ikkje er mulig å kombinera med gang- og sykkelveg. Statsforvalteren stiller også spørsmål ved kvifor Lnett ikkje vil leggja sjøkabel til Nordbøvika. Oppdrettsanlegget som ligg i vegen går det an å flytta, mens ei trase over Austbøheia vil endra landskapet negativt så lenge anlegget står.
Forum for Natur og Friluftsliv i Rogaland meiner også at ingen av alternativa for luftspenn over øyane er aktuelle. Bedrifter i Nordmarka på Tau er derimot positive til forslaget om ny kraftforbindelse, og ynskjer den framført så snart som mulig.