Vegvesenet har fått i gang SMS-varsling for Rennfast igjen

Statens vegvesen har oppretta SMS-varsling for Byfjord- og Mastrafjordtunnelen kor det blir opplyst om stengning og åpning av tunnelane.

SMS-varsling er på plass i Rennfast igjen.
Publisert: Publisert:

RENNESØY: Det er i alt 34 tunnelar og 17 bruer rundt om i landet som er med i tenesten, som blei innført måndag.

Lenka til å abonnera på varslinga er denne:

SMS-varsling for bruer og tunneler Statens vegvesen (kan aktiveres ved å sende BYFJORDTUNNELEN til 2282 eller MASTRAFJORDTUNNELEN til 2282 ).

Det var også SMS-varsling tidlegare for Rennfast, men denne blei teken bort. Den var heller ikkje gratis, slik den nye ordninga er.

Dagny Sunnanå Hausken engasjerte seg i saka som ordførar.

Fin julegåve

Ei av dei som har engasjert seg for å få på plass ei varslingsordning for Rennfast er varaordførar Dagny Sunnanå Hausken.

-Eg blei kjempeglad då eg fekk meldinga om at tenesten er gjenoppretta, seier Sunnanå Hausken til Øyposten.

-Det var ein god julepresang, sjølv om eg er litt overraska over at det tok såpass lenge. Dette er ei veldig viktig teneste både for næringslivet i øyane og alle som brukar Rennfast, seier Dagny Sunnanå Hausken.

Ho skreiv brev medan ho var ordførar til vegdirektøren tidleg i haust, og påpeika det uheldige i at SMS-varslinga blei fjerna.

-Me veit at god trafikkinformasjon er viktig for trafikkantane. Køyrer du gjennom ein tunnel eller over ei bru på veg til jobb, til fritidsaktivitetar eller er på veg heim til familien, kan SMS-varsling vera ei nyttig teneste, seier vegdirektør Ingrid Dahl Hovland i samband med lanseringa av den nye tenesten.

På www.vegvesen.no/smsvarsling kan publikum enkelt abonnera på SMS-varsling på tunnelar og bruer dei ynskjer. Tenesta er gratis, og du kan bestilla varsling for så mange bruer og tunnelar du ynskjer.

Tenesten skal vera svært enkel å bruka. Dei som abonnerer får ein SMS viss tunnelen eller brua er stengt, pluss at du får eit anslag om kor lenge vegen er stengd. Det vil også koma nytt varsel når tunnelen åpnar igjen.

Også over fjellet

I tillegg til denne tenesten for stengde bruer og tunnelar, har Statens vegvesen ein tilsvarande varslingsteneste for stengde fjellovergangar og vêrutsette strekningar. Her kan du få ein SMS viss fjellovergangen din må stengja eller det blir innført kolonnekjøring. Begge SMS-tenestene er å finna på vegvesenet si hovudside for trafikkinformasjon www.vegvesen.no/trafikk.