– Frammøtet var ikkje så voldsomt. Det var bare me i styret som kom, fortel Benny Helgeland.

Tysdag var det årsmøte i Sjernarøy sanitetsforening i eldresenteret på Aubø. Styret annonserte før møtet at dei treng fleire som engasjerer seg, men engasjementet uteblei.

– Interessa har dabba ned kvart år. Foreiningar er ikkje på moten, seier Benny litt resignert dagen etter årsmøtet.

Ho og to andre i styret vil likevel freista å halda hjula i gong. Sanitetsforeininga har nokre faste arrangement som er populære på Sjernarøy.

– Tysdag i påskeveka har me ein basar på eldresenteret. Då kjem det grasalt mykje folk, fortel Benny.

Inntektene frå basaren dekker straum og forsikring for lokalet på Aubø.

Elles er foreininga med og lagar ein flott skulelunsj for elevane på Sjernarøy kvar haust, og dei deler ut julegleder til eldre før jul. Benny har med seg i styret Anne Skogen og Kari Hidle. Siste styremedlem Ebba Marie Breivik bad om avlasting, men vil framleis hjelpa til.

Sjernarøy sanitetsforening har 19 betalande medlemer.