Torsdag litt før klokka 18 står ein redningsbil frå Haugaland Bilberging og ventar på Judaberg kai.

– Me skal ut til Sjernarøyane for å berge to tankbilar, seier bilbergar Torbjørn Guttormsen:

– Det skal vere ein tankbil med mjølk og ein med kraftfôr.

Bergingsbilen kjem heilt frå Haugesund.

Tysdag kveld var tre vogntog involvert i ein kjedekollisjon på Helgøy kai. Dei to tankbilane torsdag kveld skal ha blitt ståande fast på glatta lengre inn på Sjernarøyane, den eine på Norheim og den andre på Bjerga, får Øyposten opplyst.