Dette er Niklas og Sunniva. Dei er to av gledesspreiarane som jamleg kjem til sjukeheimen for å vere i lag med dei eldre. På ryggen står det «Gledesspreder». Det er ein alvorleg jobb å stille på bilete for å vise dei flotte t-skjortene. Foto: Silje Talgø Klakegg

Medan eg ventar på ungane som har mykje snø å forsere for å kome seg til sjukeheimen, tek eg ein prat med avdelingsleiar på Finnøy sjukeheim, Gaute Tengesdal.

– Dette er eit initiativ som i utgangspunktet kom frå barnehagen, og som me set veldig stor pris på. Det er stas å få besøk av dei små, seier han.

Den yngste er eitt år gammal, og den eldste kan vere over hundre. Det er stor aldersskilnad, men dei finn på kjekke ting i lag likevel.

«Livsglede for eldre» er ei stifting som driv med ulikt arbeid inn mot eldre menneske. På eiga nettside skriv stiftinga at «Livsgledebarnehagar besøker eldre jamleg gjennom trivselsskapande aktivitetar som gir gylne generasjonsmøte, gjensidig læring og meistring».

Niklas og Kostiantyn ventar på at Beathe Kristin skal blåse opp ein ballong som dei kan dele med dei eldre. Foto: Silje Talgø Klakegg

Stor glede

Turen går vidare inn på fellesområdet der dei eldre ventar på gledesspreiarane frå Hagatoppen barnehage.

Johanna Rørheim fortel at ho alltid gler seg til dei skal kome.

– Det er veldig gildt, seier ho:

– Me har jo vore små ein gong, me også. Når eg er samen med dei små, blir eg alltid minna på korleis det var.

Kåre Vestbø kjem inn.

– No skal me bli som barn igjen, seier han.

Plutseleg opnast dørene og ein gjeng med gule t-skjorter kjem inn saman med tilhøyrande vaksne.

– Skal de synge julesongar for oss i dag? seier Kåre.

– Me er ferdig med jul, svarer Niklas på 2 år.

Men snøen er me ikkje ferdig med. Etter å ha stemt i med «God morgon-songen», blir det songar om både snø og snøgubbar.

Rakel-Sofie gir erteposen sin til Kåre Vestbø, så han kan kaste den tilbake til henne. Malene Pernille Vestbø ser på. Foto: Silje Talgø Klakegg

Tid til leik

Det blir også tid til å leike litt. Ballongar er kjekt, synest dei små. Ein blå og ein kvit ballong fyk gjennom lufta, frå ung til gammal og tilbake til ung, og enda nokre gonger innom journalisten.

– Me har heldt på med dette sidan 2017, og starta opp etter inspirasjon frå ein annan Livsgledebarnehage på Randaberg. Me hadde ein pause under pandemien, men no er det kjekt å vere i gang igjen, fortel Beathe Kristin Galta Strømskag, som er pedagogisk leiar for avdeling Meisene, gjengen som kom til sjukeheimen i dag.

– Me har to småbarnsavdelingar i Hagatoppen, og kjem til sjukeheimen kvar vår veke. Ungane gler seg veldig, seier ho.

Det er forankra i Rammeplan for barnehagar at barna skal bli kjend med institusjonar i lokalsamfunnet, og deltaking i Livsglede for eldre, er eit av prosjekta barnehagen har på det området.

– Hjå oss er det dei minste barna som deltek på dette. Det krev ikkje så mykje, for ungar i den alderen spreier glede berre ved å vere til stades. Dette er veldig kjekt for både store og små, avsluttar Galta Strømskag.