Nokre av bidragsytarane i toppturkonkurransen. Foto: Silje Talgø Klakegg

– Akkurat no held med på å leggje inn alle dagsturhyttene i appen, fortel Ragnhild Valand til Øyposten. Ho er leiar av Finnøy frivilligsentral, og får hjelp til å leggje inn turmåla av Jostein Gard.

Årets toppturkonkurranse er allereie i gang, men i dag blir vinnarane av fjorårets konkurranse offentleggjort.

– Det blir gått mykje på tur i øyane, seier Valand:

– Fogn og Talgje skil seg ut med høgt tal på dei mest populære turmåla. På Ørnakulå på Fogn, har det vore 2282 innsjekkingar. I Østabøvågen på Talgje har det vore heile 2810 innsjekkingar.

Den mest populære turen på Finnøy har til samanlikning 824 innsjekkingar. Dette er turen mellom Kvitevik og Vignes.

På Sjernarøy er det ein tur som heiter «Kyrkjøy». Han har 184 innsjekkingar, og er den mest populære turen der. Halsnøy og Eikefjellet har nokon fleire, med 397 innsjekkingar.

– Men Ombo sitt mest populære turmål, Bandåsen, har berre 17 innsjekkingar. Det er nok ikkje sånn at ein ikkje går tur på Ombo, men ein registrerer det i alle fall ikkje i trimpoengappen. Eg vil oppfordre dei som bur på Ombo til å melde seg på konkurransen, seier Valand.

Det vankar premie på den som har flest poeng og flest unike turmål. I tillegg er det trekking av meir tilfeldige vinnarar.

– Det blir innimellom lagt inn nye turmål, så følg med i appen, legg Valand til.