Få vermessige lyspunkt i haustferien

Det er diverre ingen grunn til å skru opp forventningene om vêret. Det blir mange våte dagar og typisk innevêr heile helga og neste veke.

Det blir grått og vått i haustferien.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

To stikkord går igjen; regn og vind.

Det er ikkje gode nyheiter for dei som no tek haustferie.

Mildt og fuktig vêr har prega starten av oktober, og slik skal det langt på veg fortsetta i helga og inn i neste veke.

I morgon, laurdag serut til å bli den finaste dagen, med litt mindre vind og regn , og med «fare» for gløtt av sol.

Men så er det slutt.

Meir ruskevêr

Statsmeteorolog Magnus Haukeland ved Værvarslinga på Vestlandet fortel at blir mykje innevêr i helga, særleg på sundag, som ligg an til å bli den våtaste dagen og med sterk vind opp til sterk kuling.

På måndag blir det meir av det same vêret. Nye lågtrykk er på veg inn frå vest som gir vind og regn, og slik held det på heile veka, med små pausar innimellom.

– Det er ikkje det heilt store haustværet diverre. Det blir det me kallar typisk haustvêr. Vind frå sørvest gir milde temeperaturar som vil ligga på over 10 grader.

Frå i kveld fredag og fram til tidleg sundag, vil det snø i fjellet ned til 1000 meter. Det må ein vera obs på ved fjellovergangane, opplyser statsmeterolog Magnus Haukeland.

Publisert: