FINNØY: Frå klokka 12 til fire myldra det av aktivitetar denne laurdagen i «hallen».

Klatreveggen var open, snekkerbua, vevstova, trimrommet og sjølvsagt sjølve hallen, kor Coop’en spanderte ikkje mindre enn to svære marsipankaker.

I tillegg var det lasershow, sjonglering, ansiktsmaling og «formingsklubb».

Blant dei som prøvde seg i klatreveggen var Nikolai Steinnes frå Finnøy, godt hjelpt og sikra av av Mathias Vignes.

-Alle tiders trimrom i hallen, seier Magnus Emil Berge. Foto: Rune Nedrebø

Åpen klatrevegg

Sjonglering stod også på programmet. Foto: Rune Nedrebø

Han klatra til topps i klatreveggen på «null komma null», og for oppover veggen som han aldri hadde gjort noko anna. Men så hadde han trening i klattring også.

Mange ville prøva seg i klatreveggen, som er ein populær aktivitet på Finnøy.

I trimrommet var Magnus Emil Berge i gang med å løfta vekter. Han er der tre-fire ganger i veka, når han ikkje er på fotballtrening, og skryter av fasilitetane i trimrommet som i tillegg til vekter, har tredemølle, romaskin og andre gode treningsapparatar. Fleire av dei splitter nye.

-Det er eit populært tilbod, for det brukar å vera folk her kvar gong eg er innom, seier Berge.

I den koselege vevstova med blomster og frukt på bordet, sofagruppe og fem vevstolar held husflidslaget på øya til.

-Ein kjekk samlingsplass, seier Gerd Randi Grude Ladstein om husflidslaget sin plass i hallen. Foto: Rune Nedrebø

Har sydd 111 bunader

Blant dei som ofte er her er Gerd Randi Grude Ladstein, som er i gang med å veva pledd av restegarn.

-Det er veldig gildt og sosialt. Det er kjekt å gå her, seier ho. Ho går også på yoga i hallen, som ho også synes er eit flott tilbud.

Blant dei som også var innom vevstova var Marit Finnesand Nygård. Ho har sydd heile 111 bunader, og held nå på med 112 og 113.

Stavanger-kvinna fekk eit opphald på sjukeheimen, som ho tykte var så bra at ho tok mannen med seg og flytta til Finnøy.

Med seg har ho prinsessemønsteret frå Aust-Telemark, som ho broderer på. For dei som har lagt merke til Dronning Sonja sin bunad, er det maken til broderia på bunaden hennar. Mykje arbeid, men noko av det flottaste handverksarbeidet du kan sjå på bunader.

-Kor lenge treng du på å brodera ei Frafjord-bunad, er det nokon som spør.

-Seks effektive arbeidsdagar, mens Jelsa-bunaden treng eg halvanna veke, svarar ho.

Marit Finnesand Nygård har brodert 111 bunader. Her viser ho fram prinsessemønster frå Aust Telemark som ho held på med. Foto: Rune Nedrebø
Magne Kongsvik styrer snekkerbua på vegne av husflidslaget, og viser fram ei flott skute som Tore Ladstein held på med å restaurera. Foto: Rune Nedrebø