RENNESØY: Det blir både musikk, fellessang, historie og helsing frå ein trufast venn av Gjenbruken, varaordførar Dagny Sunnanå Hausken når butikken feirar seg sjølv.

Det er ikkje vanskeleg å finna kundar som set stor pris på Gjenbruken. Blant dei er Mette Norheim frå Vikevåg.

-Det er ein veldig kjekk butikk. Her treff eg som regel kjente som eg kan slå av ein prat med. Dessutan går inntektene til ei god sak, seier Norheim til Øyposten.

Mette Norheim har funne det ho var på jakt etter, ei blomsterpotte. Foto: Rune Nedrebø

Blir lei meg viss han flyttar til Randaberg

Denne fredagen var ho på jakt etter ei blomsterpotte, og fann ei ho ville ha.

Gjenbruken held til i Kaihuset i Vikevåg, men ifølge sentrumsplanen skal bygget rivast for å gi plass til eit kommunalt nybygg med bl.a. helsestasjon.

Mette Norheim kryssar fingrane for at butikken blir verande i Vikevåg.

-Den må bli verande her. Eg høyrer rykte om at den kan få nye lokaler oppe på Coop’en, kor helsestasjonen er i dag. Det trur eg vil bli bra. Men viss han forsvinn til Randaberg kjem eg til å bli verkeleg lei meg. Kor skal eg då gå for å få ein kopp kaffi og ei vaffel, seier Norheim.

Camilla Surnevik Kristiansen er på jakt etter litt julepynt og peparkakeformer. Også ho meiner butikken er viktig.

-Butikken må bli her i Vikevåg, slår ho fast. Sjølv er Camilla ofte innom for å kjøpa klær til ungane.

-Eg finn mykje bra her. Og treng eg eit kakefat, så har dei det, seier ho.

Arild Andreassen har tatt turen frå Skorpefjell for å sjå om han finn eit vinglas han er på jakt etter. Og på Gjenbruken traff han blink.

-Me mangla eit, nå slepp eg å kjøpa eit heilt sett, seier han.

-Det er bra at slike butikkar finst, for slik tidene er nå har ikkje folk råd til å kjøpa alt nytt, meiner Andreassen.

-Eg er ofte innom Gjenbruken, seier Camilla Surnevik Kristikansen med dottera Anna på fanget. Denne gongen leita ho etter litt julepynt. Foto: Rune Nedrebø

Fann kone på gjenbruksbutikk

Den berømte kaffikroken på Gjenbruken, kor små og store problemer kan løysast. Frå venstre Målfrid Eggebø med barnebarna Ina og Sondre, mannen Øystein Eggebø og Bjørg Haugen Østebø. Foto: Rune Nedrebø

Og det er langt frå bare snurrepipperier og brukte gjenstandar det går an å skaffa seg i ein gjenbruksbutikk.

-Dei fortel at ein eldre enkemann fann ei ny kone i gjenbruksbutikken på Klepp, smiler Ruth Hova frå Talgje.

Ho har jobba i butikken i alle år sidan han starta, annankvar fredag.

– Eg gledar meg til kvar dag eg skal på jobb her. Det er veldig sosialt, og eg treff mange nye folk. Det er ein god ting for oss pensjonistar at me kjem oss ut litt, seier ho.

Gjenbruken i Vikevåg blir driven utelukkande av frivillige, stort sett pensjonistar frå Fogn, Finnøy, Talgje, Rennesøy og Randaberg. 35–40 personar er engasjert i butikken, og butikkleiar Øystein Eggebø frå Finnøy anslår at dei legg ned 5000 dugnadstimar i året.

Overskotet frå butikken går til helse, vatn og skule, som Norsk Luthers Misjonssamband driv i fattige land. Overskotet har lege på rundt 700.000 kroner i året.

Eggebø var tidlegare av den oppfatninga at butikken burde flytta til Randaberg, kor det er mykje meir folk.

-Men nå meiner eg han bør bli her. Husleigene er langt høgare i Randaberg, og det er også vanskelegare å få tak i frivillige. Viss me får ein grei avtale med kommunen, og kan flytta opp i andre etasje på Coop’en, vil det vera ei god løysing. Det er betre plass, og viktigast av alt, god plass til å parkera, slår Eggebø fast.

Butikkleiar Øystein Eggebø frå Finnøy vil at butikken skal bli verande i Vikevåg. Foto: Rune Nedrebø