Ole Alexander Mæland, best kjent frå Stavangerkameratene og gitarist Rolf Kloster skal underhalda gjestene med tolking av klassikarar frå inn- og utland, i tillegg til eigne låtar.

Så langt har 80 personar meldt seg på festen.

Mykje festivitas

– Du tenker sikkert at det er ei litt merkeleg tid på året å ha fest no, men det skuldast at det var i februar for 100 år sidan butikken opna dørene for fyrste gong. Difor tykte me det var naturleg å ha den fyrste av markeringane i februar, fortel dagleg leiar i Joker Helgøysund, Oddfrid Nygård Nedrebø til Øyposten. Ho skryt av dei tilsette Daniel, Ola og Dag som har lagt ned mykje arbeid i arrangementet.

– Kven er det som kjem på fest?

– Det er ein fin blanding av fastbuande, hyttefolk og båtturistar. Nokon kjem til og med heilt frå Telemark for å bli med på festen.

Jubileumsfeiringa held fram utover våren med besøk av blant anna ordførarar Kari Nessa Nordtun og næringssjef Anne Woie. Elles kjem representantar frå Merkur-programmet og fylkeskommunen

– Me har ikkje spikra programmet heilt enno, men det ligg an til å bli ein travel vår, smiler Nygård Nedrebø.