Amerikansk auksjon under julemessa på Finnøy
For første gang var det «amerikansk auksjon» under Normisjons julemesse på Finnøy. Det slo an.
FINNØY: Auksjonarius Hans Høie gjorde ein glimrande jobb med å få opp stemninga i salen.
Han var både morosam og engasjerande, og buda frå salen strøymde inn til glede for Normisjons arbeid blant fattige i Bangladesh. Til og med juleselane til tidlegare kommunelege Aslak Bråtveit gjekk under hammaren.
Dei havna hos Berit Helen Gard frå Talgje, som skal pynta opp mannen Bjørn Egil til jul.
Årets julemesse var svært godt besøkt, og primus motor Unni Vignes anslår at det var mange hundre innom.
-Eg frydar meg i dag, seier ho til Øyposten.
Messa er elles langt frå noko eikvinne show, bare så det er sagt. Ifølge Unni Vignes har 130 frivillige deltatt for å laga til julemessa.
-Alt me sel her går uavkorta til misjonen, opplyser ho.
Blant attraksjonane dette året var ei gedigen julekrybbe, plassert framme på scena. Den var det Tolli Frestad som hadde bidratt med.
Hovedgevinsten på julemessa, som var ein treretters middag for åtte personar eller koldtbord til 10, blei vunnen av Tore Kamsvåg.
Hagebenken, som var laga av 88 år gamle Torleiv Hebnes, blei vunnen av Inga og Einar Reilstad. Nøyaktig kor mykje årets julemesse fekk inn, er foreløpig ikkje klart.
I fjor kom det inn heile 255.000 kroner.
-Det spørs om me kan slå det, seier Unni Vignes.