– Måndag klokka 12.45 fekk me melding om ei hending på ferja Mortavika – Arsvågen, fortel politikontakt Svend Erik Ellingsen i Stavanger:

– Ein av dei som jobbar på ferja blei påkjørt av ein bil. Bilen blei vinka til å kjøre ned på nedre dekk, men følgde ikkje vinket.

Ferjearbeidaren, ein mann i 30-åra, fekk kasta seg til sida, men bilen traff foten. Kor stor skaden er, kan ikkje politiet svare sikkert på.

– Kapteinen var vitne til hendinga. Me har oppretta sak, seier Ellingsen.

Den mistenkte bilføraren er ei kvinne i 60-åra, opplyser politiet.

Kart som viser Mortavika: