I fjor haust inngjekk Roar Haug og Olaug Nessa avtale med Statens vegvesen om å leiga lokala. Etter at paret gjekk kvar til sitt, blei det vanskeleg å driva vidare.

Nisjeprodukt

– Det var ei kjempespennande og lærerik tid som me begge hadde stor glede av, men som dessverre ikkje let seg kombinera med gardsdrift. Me er likevel optimistiske med tanke på vidare drift i Mortavika for dei som eventuelt vil ta over.

Spesielt no når sommarsesongen står for døra, trur eg det vil vera grunnlag for å fortsetja. Det gjeld å finna produkt som folk vil ha. Sal av surdeigsbrød blei spesielt populært. Og pizza, seier Nessa.

Dersom nokon ser føre seg å ta over stafettpinnen vil Olaug kunne hjelpa til i oppstarten.

– Eg vil gjerne bidra med gode råd og tips, seier ho.

Aktivitet på huset

Dei førre leigetakarane la inn årene i 2020, etter 26 år med ordinær kafedrift på ferjekaia i Mortavika.

– Me vil gjerne ha full aktivitet på huset, men me veit det kan vera utfordrande å driva butikk på Mortavika. No er det likevel ikkje slik at huset står tomt. Me har mange møter, det same har lastebilnæringa og fleire andre aktørar som leiger seg inn. Maten blir levert frå Tommys kjøkken, og det fungerer bra, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Tor Skårland.

– Kva tenker du om vidare drift?

– Eg håpar nokon har lyst å ta over og driva butikk/kafé. Lokala og kjøkkenet er pussa opp og moderne, så slik sett ligg forholda godt til rette. Eg tenkjer kanskje at sal av grønsaker kunne vore ein ting å starta med, men det skal eg ikkje legga meg opp i. Viss nokon er interesserte er det berre å ta kontakt. Me er klare til å ta ein prat, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Tor Skårland.