Her i Gardsvågen blei det funne fire daude fuglar. Tre av dei var lomviar og den siste var måke. Foto: Silje Talgø Klakegg

– Det ser ut som at det er døde lomvi, seier Ann Therese Kommedal i Mattilsynet til Øyposten då me viser henne bileta:

– Vi har dessverre sett mykje døde lomvi langs kysten nå i vinter. Mest sannsynleg er det matmangel som gjør at de svelt i hel og flyt inn til kysten.

Lomvi er ein sjøfugl som et fisk.

Fleire tilfelle

Ho fortel at dei har testa fleire typar fuglar i vinter, og at det til dømes er påvist fugleinfluensa i måker og andre arter, men at dei ikkje har påvist sjukdommen i mange daude lomviar som er funne.

– Finn man fleire døde fuglar bør man i utgangspunktet la disse ligge og kontakte oss, og eventuelt kommunen. Det kan vere lurt å unngå å la hundar få plukke opp eller ete på fuglane, seier ho vidare. På Mattilsynet sine nettsider finst eit skjema ein kan fylle ut.

Område med utbrot av fugleinfluensa, vil oftast ha mange daude fuglar på konsentrerte område. Finn du berre ein daud fugl, kan du grave han ned.

Viss du vil lese meir om korleis du skal reagere på funn av daude fuglar, kan du sjå på denne nettsida.

Fleire daude

– Det er fort meir alvorleg om du finn fem daude svaner i eit område enn om du finn fem daude lomvi, fortel Kommedal vidare:

– Det vil uansett ikkje vere feil å sende oss ein melding om man ser fleire døde fuglar i et område.

Høypatogen fugleinfluensa blei påvist for første gang i Norge i 2020. Sidan den gang har virussjukdommen forårsaka dødelegheit hos villfugl over store deler av landet.

Dette er ein svært smittsam sjukdom som rammer ville og tamme fuglar. I sjeldne tilfelle kan menneske og andre pattedyr smittes.

Det er, ifølgje Mattilsynet ikkje påvist fugleinfluensa hjå villfugl i Rennesøy eller Finnøy. Dei næraste funna den siste tida er hjå måke i Eigersund og hjå hubro på Karmøy.