Aud Vignes reparerte sjølv ein kjole. Signy Bråtveit durar i veg på symaskinen sin. Foto: Oddrun Merete

Torsdag 21. mars hadde Finnøy frivilligsentral sett av nokre ettermiddagstimar til gjenbruk og reparasjon av litt øydelagde ting. Dei frivillige hadde tatt med eigna verktøy og mange kom inn for å få noko reparert.

Dette var ein stor suksess, både med tanke på miljøet og gjenstander som fekk lengre levetid, men også sosialt ved at folk blei lokka inn på innbyggartorget på Judaberg. Alltid kjekt å finne nye vener, og dette her er absolutt ein god stad å finne dei!

Etter reparasjonskafeen fekk Øyposten følgjande epost frå ei koseleg dame som ikkje ønskja namnet sitt på trykk: «Takk for at de skreiv om reparasjonskafeen. Eg drog dit med ei venninne og fekk reparert nokre ting. Alle eg har fortalt det til, har sagt at det var eit kjempegodt tiltak!»

Her kjem nokre bilete frå festen:

Signy Bråtveit hjelpte Torleif Hetland å sy eit hol i jakkelomma. Foto: Oddrun Merete
Ulltrøye får nytt liv. Foto: Oddrun Merete
Kristoffer Østebø reparerte stolar. Foto: Oddrun Merete
God som ny. Foto: Oddrun Merete
Kristian prøver å lokalisere hol i liggeunderlaget med god hjelp frå Aslak. Foto: Oddrun Merete
Torbjørg «Tobbå» Hebnes stoppar ein flott strikkegenser. Foto: Oddrun Merete
Ragnhild Valand syner kor fin genseren blei. Foto: Oddrun Merete
Arild Flesjå fiksar ein sykkel. Foto: Oddrun Merete
Frå venstre: Aslak Bråtveit, Torbjørg «Tobbå» Hebnes, Kristoffer Østebø og Arild Flesjå tar seg ein velfortent vaffelpause med prat attåt. Foto: Oddrun Merete